HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.noMaskinene durar. Fiskelukt fyller lufta. Langs samlebanda står rekkjer med raudkvite fabrikkarbeidarar. Kvar dag frå sju om morgonen. Dei same monotone operasjonane. Tonn på tonn med laks og aure. Knivar, vatn, salt, røyk, pakking. Rutine. — Dette er lavstatusjobbar. Vi slit med å få nok folk, men no står vi i fare for å misse ni av våre tilsette. UDI vil sende kosovo-albanarane heim att, seier fabrikksjef Trude Ordemann ved Fossen fiskeforedlingsfabrikk. Sender pengar heim For Sabit Tahiri (19) og Alban Shefkiu (20) er ikkje operasjonen ved samlebandet lavstatus. Ikkje for dei sju andre flyktningane frå Kosovo som jobbar der heller. Inntekta på vel 120 kroner timen gir liv til fleire enn dei sjølv.- Eg sender pengar heim til resten av familien i Kosovo. Eg er heilt avhengig av jobben. Mor mi bur i telt i Kosovo, seier Tahiri.Han fortel at han livnærer tre slektningar der heime i Vushtri. Eitt år eldre Shefkiu har seks slektningar i Gjilan som ventar på den månadlege sjekken. Difor er jobben gull - rutine eller ikkje. Det syner att på skussmåla frå både direktør og fabrikksjef. Motivasjonen for ein ekstra bonus er høg. - Det ser ikkje bra ut. Huset vårt har brent ned, det er ingen jobb å få. Eg trur ikkje eg er trygg i Kosovo heller. Derfor vil eg fortsette å jobbe her, seier Tahiri. Første fly 9. mars Den 9. mars går det første flyet med kosovoalbanarar tilbake. Dei første avslaga hjå UDI er allereie blitt stempla, men ingen har fått informasjon om kven det gjeld.Sjølv om søknadene for opphald vert handsama individuelt, er det klart at dei fleste må reise tilbake i løpet av våren. Økonomiske forhold gjev ikkje opphaldsløyve. Heller ikkje økonomiske forhold i ei middels fiskeriverksemd på Osterøy. - Om vi misser desse ni, må vi redusere produksjonen med 10 til 20 prosent. Det kan gje ei tapt omsetning på 20 til 30 millionar, seier Ordemann. Eigentleg hadde verksemda bestemt seg for å ikkje tilsette folk frå flyktningmottak, på grunn av dei usikre framtidsutsiktene. Dei ynskjer seg stabilitet. Men norske arbeidarar var ikkje å oppdrive, så flyktningane fekk jobbtilbod. Annleis innan data - Det er like stort behov for fiskeforedlarar som datafolk, seier administrerande direktør Jan-Emil Johannessen i Fossen As. Databransjen har fått innvilga arbeidsinnvandring på 5000 personar frå Asia og Aust-Europa. Dette gjeld høgkompetent arbeidskraft, ikkje fiskeskjærarar.- Når det er så stor mangel på arbeidskraft, reagerer vi på at det er så forferdeleg viktig at dei må ut av landet, seier Johannessen.UDI Vest har inga løysing for Tahiri, Shefkiu eller dei andre flyktningane. Om dei får avslag på opphaldsløyvet, er det fordi dei ikkje treng verje mot overgrep. Fossen AS, derimot, kan be Osterøy kommune om å busetje fleire arbeidslause flyktningar frå andre mottak i kommunen. For Fossen betyr det ny opplæring og ustabilitet. Les også: "Trengs mer i hjemlandet"

Det er vanskeleg å få fiskeskjærarar for Fossen AS på Osterøy. Sabit Tahiri (19, til v.) og Alban Shefkiu (20) frå Kosovo vil gjerne jobbe, men får truleg snart utkastingsbrev frå Utlendingsdirektoratet.