No har retten avgjort at dei pårørande ikkje får oppnemd eigen bistandsadvokat i rettsaka. Dette inneber at advokat Gunnar Solbraa ikkje får høve til å stille spørsmål eller på andre måtar ivareta dei pårørande sine interesser under rettsforhandlingane. I tillegg misser dei pårørade retten til å få dekt sine utgifter til advokat.

Advokat Gunnar Solbraa har bistått familien heilt sidan tragedien våren 1999, og har spela ei aktiv rolle for å få belyst kva som skjedde med Arve. Så langt har påtalemakta ein gong endra tiltalen i saka etter klage frå Solbraa. Nok ein klage frå Solbraa ligg nett no på statsadvokatens bord.

— Eg kjem til å klage også på avslaget på bistandsadvokat, slik at lagmannsretten får vurdere om familien skal vere representert i rettsaka, seier Solbraa, som meiner det er viktig at familien får høve til å delta i saka.- Vi veit lite om kva tiltalte vil forklare i retten, blant anna om Arve. Det er klart at dei pårørande føler behov for å vere representert i denne straffesaka.