OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordI ei ny avgjerd aukar retten erstatninga frå 3072 til 75.000 kroner til dei tre båteigarane frå Ølen. Men det blir ikkje akseptert av ølensbuane, som vil ha millionerstatning av staten fordi båten deira blei halden i arrest i 16 månader.Fem år har gått sidan den vesle skøyta fortøydde i Rekefjord i Rogaland med 15.000 liter sprit i lasterommet. Tre sørlendingar som leigde båten er for lengst dømde til fengselstraffer for smuglartoktet til Danmark.Men båteigarane frå Ølen, som sat ein månad i varetekt og som seinare er frifunne for smugling, fører enno ein rettsleg kamp for å bli reinvaska. Dei er opprørte over at Sunnhordland heradsrett har avskore smuglarane frå Sørlandet som vitne i saka. Trass frifinninga i 1997 såg retten det som sannsynleg at ølensbuane visste kva båten deira skulle brukast til i mars året før. I si siste orskurd (kjennelse) denne veka seier heradsretten at det er gjort sannsynleg at MS "Eldbjørg" fekk redusert verdi i opplagstida som følgje av manglande ettersyn og vedlikehald frå statens side. Men retten finn på ei anna side det ikkje sannsynleg at Ølen-reiarane ville hatt store leigeinntekter av båten i beslagperioden.Sunnhordland heradsrett grunngir erstatningsvedtaket sitt også med at politiet rota bort rekneskapspapir for "Eldbjørg"-sameiget. Forsvunne papir førte mellom anna til at reiarane fekk problem med likninga.