PER MARIFJÆRENERLEND SANDE per.marifjaeren@bergens-tidende.no31-åringen sat i går i lange avhøyr, og blir framstilt for varetektsfengsling i dag. Han vedgår å ha seld mindre mengder smuglarsprit, men understrekar at det var originalvare.Ein 53-årig mann døydde same natt, medan ei 46 år gammal kvinne framleis ligg medvitslaus på Sentralsjukehuset i Førde etter å ha drukke større mengder smuglarsprit natt til onsdag. Onsdag kveld pågreip politiet den 31 år gamle mannen som er mistenkt for å ha levert sprit til det fatale drikkelaget.Meir enn 100 liter sprit vart beslaglagt i bustaden hans og i ein varebil.— Vi fann drygt 100 liter sprit på flasker, men også nokre liter med såkalla teknisk sprit heime hjå mannen. Vi vil no undersøkje om mannen kan ha blanda denne spriten frå kannene eller andre stoff i spriten som er på flaskene, opplyser lensmann Reinhardt Sørgård i Måløy. Teknisk, såkalla denaturert sprit er iblanda substansar som skal gjere han uråd å drikke.Men politiet veit så langt ingenting om innhaldet i spriten som vart drukke då ein 53 år gammal mann døydde og ei 46 år gammal kvinne mista medvitet.Siktinga mot 31-åringen gjeld brot på alkohollova.Forvararen, advokat Per Kjetil Stautland, reagerer skarpt mot antydningar om at 31-åringen kan ha blanda giftig sprit i smuglarvarene han selde.- Eg vil gjerne presisere at ingenting tyder på at dødsfallet kan knyttast til dårleg eller forgifta brennevin. Det er absurd å knytte min klient til dødsfallet på denne måten, seier advokat Per Kjetil Stautland. Advokaten meiner det politiet kallar teknisk sprit i røynda er vanleg sterksprit. Under ransakinga i går fann politiet også mellom fem og seks tusen sigarettar hjå 31-åringen.Sikta er tidlegare domfelt for vinningskriminalitet, men ikkje for spritsmugling eller ulovleg omsetnad av sprit.