Firdaposten meiner å vite at det var bortimot 50.000 kroner i posen. Pengane viser seg å tilhøyre eigaren av løa, som ikkje vil kommentere saka. Men han stadfestar at han i si tid sakna ein større pengesum, og at det er denne som var redda frå å hamne under svart asfalt. Ingen har derimot så langt kunne gitt noko god forklaring på kvifor pengane låg i den gamle løa.