EINAR FØRDE

Om berre Per Håland hadde vore i live. Då hadde det blitt sagt det som skulle seiast om at Fylkesbaatane skal bli Fjord 1. Men når stor-gapen er borte, må vi smågutane gjere så godt vi kan.

Herbjørn Sørebø var frampå her i bladet, såg eg. Det blir langt frå det same. Dei ansvarlege i Fylkesbaatane skal likevel ta det alvorleg når folk frå Guddalen rykker ut. Lenger vekk frå sjøen, mentalt og fysisk, er det knapt mogleg å kome her på denne kloden.

Eg skjønar godt bakgrunnen for at Fylkesbaatane skal skifte namn, design og logo. Det er globaliseringa som slår innover våre strender. Den frie, uregulerte marknaden pressar vårt gamle fylkesreiarlag til aktive mottiltak. Det kjem til å bli steinhard konkurranse om ruta Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella. Tenk litt over kva sorg og saknad som vil slå innover bygd og by om danskane og britane kjem og tek over stamrutene våre. Kanskje dei til og med køyrer sommarruter heile året slik at vi går glipp av den kjende opplevinga den 16. september med at båten ikkje går. Aldri meir får vi høyre den kjende trøysta frå FSF: Det går båt i morgon.

Bibelen for anti-globaliseringsrørsla er Naomi Kleins «No Logo». Den kom i januar 2000, men i det siste har det gått litt nedover med denne rørsla. Den politiske splittinga er berrsynt. Entusiasmen er mindre. Det er tryggast å innrette seg på at globaliseringa held fram. Då må vi ha logo. Alle multinasjonale selskap med respekt for seg sjølv har det. Dessutan har eg sett her i bladet at ein av dei ansvarlege peikar på at utlendingane har problem med namnet Fylkesbaatane. Det er innlysande at inntekter i millionklassen kan gå tapt dersom dei ikkje gjer noko. Ein smart logo vil gjere heile skilnaden. Trafikken innetter Dalsfjorden kjem til å eksplodere.

Nå er nok det også nødvendig for å kunne kompensere for utgiftene med dette namnebytet. Eg har i tidlegare liv røynsler for at ingen glede er større hos designfolk og bedriftskonsulentar enn når dei kan lokke bedrifter inn i slike prosessar som den dei nå driv med i Nordvestlandske. Det å forme ut ein logo er tidkrevjande arbeid. Timeløna er høg. Etter kvart skal båtar og bilar målast om til den nye designen. Brevark, billettar, dører og vindaugo må også få den nye vene utsjånaden.

Det er utruleg kor mange millionar ein kan få til å rulle på denne måten. Ein representant for desse konsulentane betrudde meg ein gong at i bransjen går oppdragsgjevarar som går med på å sette i gang alt dette styret, under kjelenamnet «landsbyens idiotar». Men det blir sikkert fint. Det er ufint å meine at desse millionane kunne vore brukt til å betre rutetilbodet eller auke standarden for dei reisande. Alt i orden og pissepotta midt på bordet.

Eg stiller meg likevel tvilande til om det nye namnet har den rette multinasjonale schwungen. Først trudde eg det var ei forkorting for gamle «Nordfjord 1» som framleis drog seg fram langs strendene i min barndom. Den hadde det mest keivlege namnet av alle fylkesbåtane. Eg likte best Alden, Hornelen og Fanaraaken. Men kan det ikkje tenkast at utlendingane får problem også med Fjord 1? Kan eg få foreslå Kharon? Det syner klassisk danning, gir assosiasjonar til ferjetrafikk og har fonetisk den same oppbygginga som lysande multinasjonale suksessar som Enron og Saron.

Det er stolte tradisjonar som nå går i støypeskeia. Det vart mykje ståk då dei oppdaga promillekøyring på ei ferje i HSD nyleg. Men det var vel ikkje så mykje å ta på veg for. Den eine av mannskapet testa til og med gult på målaren. Annleis då med karane mellom Dragsvik og Hella for nokre år sidan. Dei låg jamt på rundt to då dei vart tekne. Enno blir den klassiske replikken frå ein av dei omtala med ærefrykt i fjorden: Det var godt dei kom i dag medan vi var nokolunde edru. Kanskje fylkesbåtane skulle sjå ein forretningsidé i å vende tilbake til det gamle? Nokre av dei gamle skilta ville gjort susen. Eg likte godt det som slo fast at pappøskjer og anna skrot ikkje skulle ligge og slenge i korridorar og på dekk, men straks kastast over bord. Og det kryptiske «Hundar må ikkje takast om bord». Det gav høve for gapen til å interpellere dei tilsette om kvar vi i så fall skulle ta hundane våre.

Det er så mange gode minne. Aldri var Fylkesbåtane meir elska enn då eg i ungdommen vinterstid rava ut tidleg på morgonen frå nattoget på ein av dei minst gjestmilde stadene i universet, Flåm. Alltid hadde eg seks kroner til frukost på båten. Då kunne vi ete det vi ville. Det gjorde vi og, og vel så det. Men ein gong sat eg saman med ein røsleg representant frå primærnæringane. Han åt dobbelt så mykje som oss andre. Då han ikkje orka meir, var han framleis i tvil om rekneskapen gjekk i hans favør. Så tok han fram tollekniven og skar sund skinnsetet han sat på. For som han sa: Dei skal fan ikkje tene noko på meg, Det er klårt at dei som lever av å frakte slikt klientell, kan få problem med EBITDA-en som det heiter mellom dei multinasjonale.

Eting har forresten også tradisjonar i søsterselskapet i nord. Den 6. mars 1883 forliste dampskipet «Fiskaren» ved Lillesand. Skipet var på veg til Sunnmøre og diktarpresten Anders Hovden var ein av passasjerane. Dei kravla opp på eit skjer og fekk ein presenning over seg. Hovden skreiv seinare: «Utpå natti gnog svolten meg, eg rette handi ut — og råka burt i ein sekk med sirupskakor, som eg forsynte meg med. Måtte eg døy no, so skulde det ikkje vere fastande, tenkte eg, og forsynte meg fagnadleg.»

Vi får nok aldri forklaringa på kvifor fylkesordførarane og styreformennene i reiarlaget kunne finne på Fjord 1. Truleg står vi overfor det låste roms psykologi. Karane har passa på ikkje å snakke med nokon om saka og tenkt med det vesle dei har å hjelpe seg med. Slik oppstod den glupe tanken, og no forkynner dei at dei ikkje vil ha debatt om saka før det store skal skje i desember. Hadde dei opna for debatt, hadde dei kanskje fått det. No får dei berre spit. Men dei har det travelt, slik eg forstår styreleiar Jarle Skartun. Det er mykje som skal gjerast, og julemånaden kjem som vi veit brått på. Slikt hastverk har vi ord for i fjorden. Det er onnug mann som pissar med han gjeng.

Einar Førde