Som vanleg handlar det om økonomi, og om prioriteringar, seier avisa — og meiner det må vera like lett for politikarane i Hordaland som for politikarane andre stader å skjøna at godt familievern er god samfunnsinvestering.

Eg kan forsikra om at politikarane i Hordaland skjønar det og ønskjer å gjera noko med det. Det leie er at vi har hatt ein situasjon der utgiftene til barne- og familievernet har eksplodert fullstendig dei siste åra. Trass i at barnevernbudsjettet i år alt er auka med nær 100 millionar kroner, er det likevel ikkje nok. Denne auken er gjennomført trass i at den økonomiske situasjonen for Hordaland fylke samla sett er særs vanskeleg og krevjande. Like før ferien måtte fylkesutvalet kutta og justera med nær 60 millionar kroner for å få kontroll med årets budsjett.

Hadde staten ordna opp etter seg då dei overtok sjukehusa, ville den økonomiske situasjonen for Hordaland ha vore vesentleg betre. Etter at vi gav våre pasientar ved sjukehusa det tilbodet dei hadde krav på, i tråd med statens vilje, drog staten seg attende og let ekstrarekninga på nær ein halv milliard kroner liggja att til innbyggjarane i Hordaland. Det får konsekvensar, dessverre. Mellom anna får vi ikkje sett i verk den vedtekne styrkinga av familievernet så raskt som vi har planlagt.

Familievernet vil får stor merksemd i budsjettprosessen som no går inn i dei avgjerande rundane. Eg kan lova at vi skal gjera vårt beste innanfor midlane vi får til rådvelde. Det inneber også at situasjonen innanfor familievernet vil få brei plass i arbeidet som skal gjerast inn mot storting og regjering i vekene framover.

Av Gisle Handeland,fylkesordførar