Sambuarparet med ungar på eitt og to og eit halvt år har budd i huset i Gullbergvegen utanfor Leirvik på Stord berre sidan dei kjøpte sin del av tomannsbustaden i november i fjor.

Glad alle vart berga

— Trist. Men samstundes er vi glade for at alle kom seg velberga ut, seier Hilde Polden (23) til Bergens Tidende.

Sundag føremiddag leitar Hilde og sambuar Kjetil (28) i brannruinen etter personlege eigedelar. Med eit visst hell. Ut frå det utbrende husværet ber brannfolk og gode hjelparar ei lommebok, dokumentmapper og fotoalbum. Svidde og våte, men uvurderleg viktige.

Gutungane i familien er godt nøgde med at leiketraktoren «Gråtass» kom uskadd frå brannen.

Hund innebrent

Familien blei vekt av folk som ropa utanfor ein gong etter klokka halv to i går natt. Dei fire kom seg ut før huset var overtent, utan tid til å få med seg inventar.

Også jenta som var åleine heime i husværet vegg i vegg kom seg velberga ut. Men ein hund brann inne i huset, som er oppført i siste halvdel av 1950-åra utan brannvegg mellom husværa.

Stord brannvesen var på staden berre sju minuttar etter at brannen var varsla. Men det var for seint til å berga bygningen, som var overtent på få minuttar.

Brannen starta i nabohusværet til familien Brekke/Polden, truleg i eller nær eit kjøken. Det var i går uvisst kva som var brannårsaka.

Det nedbrente huset i Gullbergvegen er omgitt av hus på alle kantar. Til alt hell var det vindstille natt til sundag, slik at brannen ikkje spreidde seg. To hus blei likevel evakuert til brannen var sløkt.

Huslause Hilde Polden, Kjetil Brekke og dei to små sønene har teke inn hos familie på Stord.

<b>VIKTIGE FUNN:</b> Hilde Polden er først og fremst glad for at alle overlevde den dramatiske brannen i familien sitt hus på Stord natt til i går, men også fordi ho og sambuar Kjetil Brekke (i stigen) kunne raka ut fotoalbum og andre eigedelar frå brannruinen i går.