På førehand hadde han sett seg ut ei passande bresprekk å gå, men på veg dit etter avsløringa vart han pågripen av politiet. I dag er 31-åringen glad for det, og den tidlegare falske politijuristen seier han mest av vil alt gjere opp med samfunnet og starte på nytt.

Målet å starte med jusstudier ved Universitetet i Bergen, meir enn ti år etter at han første gong besøkte førelesingane der. Denne gongen er det planen å ha skaffa seg nødvendig studiekompetanse.

Levde på dobbelt løgn

Det er ei tragisk og nesten ufatteleg historie som i desse dagar blir bretta ut i Sunnfjord tingrett.

Fleire gonger under forklaringa si fekk 31-åringen store problem med å halde tårene tilbake. Tyngst var å fortelje om forventningar og press frå familien, særleg faren som var lensmann og mest av aløt ønskte at sonen skulle studere jus.

— Eg prøvde å seie frå til foreldre og vener at eg ikkje ønska å studere juss, men presset var for stort. Eg prøvde også å skape balanse, skaffe meg studiekompetanse, men eg klarte det ikkje, sa den 31-årige nordfjordingen, som urettmessig fekk utbetalt over 800.000 kroner frå Aetat gjennom ein tiårsperiode.

Tiltalte forklarte at han hadde svært dårleg sjølvbilde, at han ikkje klarte å bryte ut av den løgna han drog med seg heilt frå då han strauk i to fag til eksamen artium våren 1990. Først 11 år seinare, i arbeid som politijurist i Fjordane, vart det avslørt at han aldri hadde avlagt ein einaste jusseksamen.

På eitt tidspunkt levde han på ei dobbel løgn, og måtte følge med på både 1. og 3. avdeling i studiet. Vener trudde han tok 1. avdeling om igjen etter stryk, medan familien innbilte seg han var komen heilt til 3. avdeling.

— Eg jobba knallhardt med jussen på denne tida, forklarte han i retten.

Kandidat nummer 268

På grunn av celebral parese er 31-åringen er ufør. Tanken dei første åra var å prøve å ta igjen det manglande studiegrunnlaget. Han fekk også avslag på søknaden om å bli immatrikulert på særskilt grunnlag. Etterpå prøvde han aldri å melde seg opp, han berre følgde studiet utan å prøve å på nokon deleksamen.

Men overfor Aetat, familien og venene framstod han som ein relativt suksessfull jusstudent. Da han bløffa om sin juridiske embetseksamen med politirett som spesiale, fekk påtaleleiar ved Fjordane politikammer vite at karakteren var 2.75. Tiltalte forklarte korleis denne fantasikarakteren tilfeldig kom til han då sensuren fall ved UIB.

— Eg plukka meg ut eit tilfeldig eksamensnummer, 268. I vestibylen på Dragefjellet hang resultata på tavla, og eg såg at kandidat 268 hadde fått karakter 2.75, forklarte 31-åringen.

— Du var altså relativt heldig med karakteren, bemerka rettens administrator, sorenskrivar Bjarte Eikeset.

Sjølv om 31-åringen starta saka med å erkjenne straffeskuld på alle punkt, brukte han store deler av forklaringa si på å legge skulda på omverda for at tinga gjekk så fryktelig gale.

I retten snakka han mykje om forventningane og presset frå familien. Særleg frå faren som så gjerne ville at den handicappa sonen skulle studere jus, og ikkje samfunnsvitskap slik han sjølv ønskte.

På veg til bresprekk

Ifølgje forklaringa var faren også svært aktiv overfor politimeisteren då sonen fekk jobb som politijurist, uvitande om at det skjedde på falsk premissar.

Vidare fortalte 31-åringen om kor fint det var å arbeide som politijurist, kor godt det endeleg var å gjere eit arbeid blant kollegar og føle seg respektert.

— Eg skjønte jo at det var gale, men eg hadde skylappar på, eg heldt ei maske, forklarte han. Etterkvart kom mistanken, vekkforklaringane på kvifor vitnemålet mangla, og til slutt det avslørande møtet på politimeisterens kontor.

— Sjølvmordet var eg bestemt på, heilt sidan dette starta i 1990. Morgonen etter møtet hjå Valvik reiste eg heimefrå for å gå i ei bresprekk eg hadde sett meg ut fleire år tidlegare. Men eg vart tatt i forvaring av lensmannen i Sjåk, som var alarmert av far min, forklarte 31-åringen. ý Det føltes befriande.

— Kvifor trur du det gjekk som det gjekk, når du ser tilbake på alt dette, ville aktor Walter Wangberg vite.

— Det var ein miks av så mykje, sterkt press heimefrå, mitt eige ønske om å vere som alle andre, min veldig dårlege sjølvtillit i kombinasjon med foreldre som eigentleg ville mitt beste, men som ikkje skjøna det som skjedde. Det har vore vanskeleg, sa den sterkt bevega 31-åringen.

I tillegg til å vere bitter på seg sjølv, kjenner han seg svært bitter på Aetat, som aldri sette foten ned og kravde å få bevis for den påståtte studieprogresjonen. Og fengselstraff håpar han å unngå:

— Dette er ei sak som har balla på seg, eg har ikkje hatt styring over ting. Det er meiningslaust å putte meg i fengsel.