Av fakultetsdirektør Asbjørn Bjørnset, Det historisk-filosofiske fakultet

Som budsjettansvarleg ved HF-fakultetet kan eg skrive under på at vi har dårleg budsjett og at dette har gjort det vanskelegare å skaffe pengar m.a. til faglege reiser og til bøker over ordinært budsjett. Angvik si framstilling om at han har 3000 å reise for og 750 til bokkjøp er likevel misvisande og gir eit feilaktig bilde av den faktiske situasjonen. I lengre tid har det vore slik at faglege reiser, bokkjøp og utstyr til den enkelte forskar har vore finansiert utanom driftsbudsjettet for institutta. Viktige finanseringskjelder er:

Rettleiingspengar, som ved HF utgjorde 2,5 millionar i 2000. Hovuddelen her går direkte til rettleiar m.a. til reiser over Meltzer-fondet er fordelt 280.000 som tilskot til faglege reiser

550.000 blir fordelt til å støtte forskingsverksemda, ein stor del til forskingsopphald i utlandet

I tillegg kjem eksternt finansierte forskingsprosjekt der finansiering av forskingsreiser kan inngå.

Rekneskapet for alle institutta ved HF i 2000 viser at om lag 5,7 millionar vart nytta til reiser for vitskapleg personale (professorar, førsteamanuensar/universitetslektorar, stipendiatar) i 2000. Dette gjeld i hovudsak faglege reiser, men det kan òg vere reiser av fagadministrativ karakter. Med 245 tilsette i vitskaplege stillingar blir det i gjennomsnitt om lag 23.000 per stilling. Eksterne midlar kjem i tillegg, så eit forsiktig anslag for reisebudsjett vil vere minst 25.000 pr. fagleg tilsett. Til bøker og tidsskrifter (utanom det som blir kjøpt over UBs budsjett) vart det nytta om lag ein million, som er litt over 4000 pr. stilling.

Universitetet i Bergen legg vekt på internasjonal orientering, og ikkje minst i høve til det er det behov for vesentleg styrka budsjett. Likevel, sjølv med knappe ressursar, melder institutta om at våre forskarar i 1999 deltok i 108 internasjonale forskingsprosjekt. Forskarar og stipendiatar hadde forskingsopphald i utlandet på til saman 770 veker.