Dette har dei ikkje lukkast med. Engelskmenn og amerikanarar kjem dag for dag nærare bunkeren til Saddam, og han vil lide same lagnad som andre av same natur har gjort før han.

Dette er sjølvsagt leit. Dette er sjølvsagt noko den vestlege verda også må ta på si kappe. Tryggingsrådet og Blix greidde ikkje overtyde USA og UK om at Saddam og styret hans hadde livets rett.

Sjølv om Saddam no truleg berre har ein «snøballs sjanse i helvete», kan kanskje krigen stansast framleis, og Saddam reddast? Det ville ha vore litt av ei bragd om vi, saman med t.d. Tyskland skulle greie å stoppe amerikansk og britisk krigføring mot regimet i Irak.

For ein reklame for fredsprisen, til dømes. Kanskje kunne Stålsett, biskopen, nominere seg sjølv til hausten alt? Om Saddam likevel skulle gå fortapt kan ein ikkje skulde på norsk presse, tv, statskyrkje eller andre opinionsdannarar i landet vårt. Her har det vore gjort felles sak mot overgriparane Bush og Blair. Det er grunn til å vere stolt over å vere norsk — eller?

ØYSTEIN ROBBESTAD, ASK