Terje UlvedalSambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik har vore trafikkert av Bergen Nordhordland Rutelag (BNR) i alle år. To av stoppa på strekninga ligg i Sogn og Fjordane, og ferjesjef Svein Solheim meiner det er vel så naturleg at FSF får konsesjonen, som BNR. FSF planlegg å bruke ferja «Svanøy» dersom dei får ruta frå neste konsesjonsperiode som tek til i 2002. Til NRK Sogn og Fjordane seier Solheim at han likevel trur det skal mykje til før Hordaland fylkeskommune gir dei konsesjonen på sambandet.