LARS MÆLAND lars.maeland@bt.no Stord — Eg trur berre ho fann på det etter kvart, slo Svanhild Kristiansen veslevaksent fast overfor Rebekka Danmo, der dei streva seg fram mot neste post i skogen.Første stopp er unnagjort, inne i ein lavvo der bålrøyken svei i augene, men det blei fort gløymd då Kari Bolette Lundal førde spente 1. og 2. klassingar ved Litlabø skule inn i eventyret om skjeggefussen. Eit eventyr dei to unge skulevenninnene ikkje hadde høyrt før. Difor meinte dei det heile sikkert var noko eventyrforteljaren fann på i farten. Men nei.- Det er eitt av eventyra Ivar Aasen samla inn på si farting rundt om. Langt frå så kjent som eventyra etter Asbjørnsen og Moe, men like fullt spennande nok, seier Kari Bolette Lundal.I ein opning i skogen står det eit vesen og jamrar seg fælt. Slår laus på ein stein med ein diger stokk, og virkar svært så sinna. Elevane vågar seg forsiktig nærmare, og sit musestille når trollet tar til å fortelja om firskilling og katt og rotter og veit ikkje kva. Makan til spennande skuledag, det er mest så ein gløymer dei mange kuldegradene som ligg og lurer.- Opplevingsdag er stikkordet, der utgangspunkt for dei mange opplevingane er henta frå norske folkeeventyr. No skal me jobba vidare med dei tema elevane sjølve finn mest interessante. I morgon skal dei koma med sine tilbakemeldingar til det dei opplevde, der dokketeaterframsyning, film og koking av suppe på ein spiker var andre aktivitetar. Det var mange som skulle heim og koka meir spikersuppe i dag, seier lærar Lisbet Horvei.