Eg unnar som sagt ikkje andre born å bli så livande redde som seksåringen min blei. Imidlertid har eg fått uventa mange tilvendingar frå foreldre som opplevde det same som eg. Sjølv mange eg har snakka med som hadde blitt åtvara og kunne førebu ungane sine på skremmande scener fortel om redde ungar der det stod på som verst. Eg tykkjer ikkje teateret og skodespelarane skal bagatellisera dette — sjølv om det berre er «enkelte» som har gått ut frå salen.

Skodespelarane i stykket må gjerne forsvara det, også dei makabre scenene. Men dei har visst gått glipp av mitt hovudpoeng: Det handla for det første ikkje om at 6-åringen min og eg blei støtt, men om at eg måtte gå frå teateret med ein forferdeleg skremd gut. Me hadde ikkje fått med oss at stykket skulle innehalda noke som kunne opplevast som farleg, fordi i den invitasjonen han fekk på skulen, står det ingenting om «sterke scener». Det er noke som ikkje stemmer i marknadsføringa, altså.

At eg ikkje er samd i at ein på død og liv må introdusera dei mest grusomme eventyra for 6-åringar, står eg framleis for. Men eg har ikkje nemnt at eg ønskjer Disney-søtsuppe eller at eg ikkje er klar over kva for verd me lever i. Eg kan gjerne gå inn i ein diskusjon med skodespelarane på DNS kva for vondskap verdas born er aktørar i eller observatørar til - og kor mange millionar born som er traumatiserte og øydelagte av å måtta leva midt i det. Men for meg blir det bak mål å koma trekkande med det i denne samanhengen. Eg forstår eigentleg ikkje argumentet - for eg trur ikkje at det å bli inn til mergen livredd på teateret er eit godt utgangspunkt for å konfrontera ein 6-åring med verdas skrekk og gru eller å reflektera over det vondaste i røyndomen. Eg er overtydd om at det finst andre (mange) måtar å ta born på alvor på.

ANNELISE BERGER, BERGEN