OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordEtter rådføring med skredekspertar konkluderte Kvinnherad lensmannskontor i går med at det er trygt å flytta tilbake til skredområdet på Øvre Fet og Nedre Døssland i Uskedalen.I alt 13 personar flytta ut or husa sine etter at eit større ras frå vel 800 meters høgd kom nedover dalen i 19-tida sundag. Det er seks bustadhus i området.Måndag gjekk det eit nytt ras, fortel Arvid Døssland, som var augevitne til det store raset sundag kveld. 200 meter frå huset — Det var eit veldig lufttrykk som la store tre flate, fortel han til Bergens Tidende. Medan han var utandørs og mata katten, observerte Døssland at raset stoppa om lag 200 meter frå huset.Raset følgte bekkefaret i Skiftesbekkjen, der det også har gått ras tidlegare år. Raset blei denne gongen bremsa av småskog i området før det nådde busetnaden. Øvre Fet og Nedre Døssland ligg ved foten av det stupbratte Englafjell, som er 1200 meter høgt. Det var måndag om lag 80 cm snø i området, fortel Arvid Døssland. Ekstreme snøforhold Han har budd over 40 år på staden, og kan ikkje hugsa tilsvarande ekstreme snøforhold. Snøskredet starta breitt og samla seg i bekkefaret som går 15-20 meter djupt. Det har fleire gonger gått ras i området. I 1916 gjekk det eit større stein- og jordras som tok med seg bygningar, men utan at folk kom til skade. I samråd med Kvinnherad lensmannskontor flytta fem familiar i området frivillig ut av heimane sine, og tok inn på Solheim Turiststasjon i Uskedalen sentrum på kommunen si rekning. Medrekna vinterferiegjester var det i alt 13 personar som let seg evakuera.