— Stadig same problem som Mikal. Overvektige born og unge møter mykje velvilje i hjelpeapparatet, men lite konkret handling. No må det etablerast eit omfattande program for å hjelpe dei, seier Ryland til BT.

Han lanserer ideen om eit gruppebasert heildøgns-tilbod for ungdommar i same situasjon som Mikal.

— Det bør vere eit tilbod der ein jobbar med heile mennesket, der ein motiverer, følgjer opp og pratar om ting. Hos overvektig ungdom er det mykje negativ tenking, dei blir fort slitne og er svært hemma av vekta. Kanskje søv dei dårleg, og er slitne når dei kjem på skulen. Då blir det vanskeleg å tenke utdanning og framtid, seier yrkesskule-læraren.

Ryland meiner det er altfor mange myter om overvekt. Han håper at Mikals historie kan bidra til å avlive nokre av dei.

— Folk innbillar seg at overvektige stappar i seg sjokolade og burgarar heile tida. Men dei et ofte ikkje så mykje meir enn andre, og må kjempa mot maten, fortel Ryland.

Også foreldra har det ofte svært vanskeleg.

— Det er ofte mange konfliktar, og mykje dårleg samvit. Dessutan er det gjerne forbunde med skam å ha ein «stor» son eller dotter. Foreldra tenkjer: «Kva må andre tru om meg?»