Bilen vart observert mellom klokka 19.50 og 19.55, berre nokre få minutt før ranaren slo til rett før klokka 20.00. Han stod då parkert rett utanfor souvenirbutikken i Park Hotell Vossevangen, det vil seia ved hovedinngangen tidlegare til Hotell Vossevangen.

Eit vitne la merke til at ein person i den parkerte bilen kommuniserte på eit framandt språk med ein person på andre sida av gata, på hjørnet ved røyrleggarforretninga til Helge Nikolaisen. Politiet trur at det var ransmannen som stod ved hushjørnet, og at han rett etterpå smatt bak husrekka og fram til bakdøra i Th. Jersin AS Kiosk. Der trekte han ei kvit finlandshette over hovudet, dekka augene med solbriller, drog fram ein svær kniv og truga ekspeditør Ingrid Sleen til å gje frå seg papirpengane av dagens omsetnad.

— Vi veit ikkje kva språk dei to mistenkte kommuniserte på, men det var ikkje norsk, opplyser lensmannsfullmektig Lars Fykse til Bergens Tidende.

Det utelukkar ikkje at minst ein av dei kan ha vore norsk.

Vitnet trur helst at bilen hadde sølvgrå metallfarge, men Fykse åtvarar mot å legga for stor vekt på dette. Det vesentlege er at bilen var ein lys, mellomstor personbil. Etter alt å døma sat minst to personar i bilen då han køyrde vekk ved 20-tida sundag kveld. Vitnet trur at den mogelege ransmannen var i førtiårsalderen.

Opplysningane om personen i bilen, sannsynlegvis bilføraren, er sparsame utover at kommunikasjonen med ranaren skjedde på eit framandt språk.