INNBLIKK

VIDAR YSTAD

Kva slags samfunn ville vi få om pressa let vere å skrive, eller politiet unnlet å etterforske mistankar om straffbare handlingar av di den som vart råka kunne finne på å ta livet sitt?

Det ville bety at kritikkverdige forhold i samfunnet ikkje vart avdekka, og innebere at det vart fritt fram for den som ville utføre ulovlege handlingar.

Heller ikkje trugsmål om sjølvmord frå den som er i søkjelyset kan hindre politiet eller pressa i å gjere jobben sin. Det må ikkje lønne seg å prøve å truge seg fram for å unngå rettferd eller rettargang.

Ansvarlege for Tønnes død

No er det fleire som vender seg mot pressa og Økokrim med kritikk, og skuldar dei for å vere ansvarlege for Tønne sitt sjølvmord. Dei har ikkje forstått kva oppgåver pressa og politiet har i samfunnet vårt.

I Aftenposten kunne ein måndag lese eit innlegg som nettopp vitnar om slik manglande forståing. Det var forfatta av BA-HR-advokat Anders Eckhoff, redaktør Gudleiv Forr i Dagbladet, tidlegare Statoil-direktør Harald Norvik, professor Jørgen Randers, rådgjevar Kjeld Rimberg, Orkla-direktør Halvor Stenstadvold, rådgjevar Ivar Tangen og NHO-president Jens Ulltveit Moe. Desse utgjer den såkalla «Visjonsgruppen» som i det løynde har halde saman i 25 år. Tore Tønne var den niande medlemen av gruppa.

Dei skriv mellom anna at «Tores tragiske bortgang fremstår (derfor) som et bittert nederlag for samfunnet, og vitner om at noe er alvorlig galt ved utbredte holdninger og arbeidsmåter i de av samfunnets institusjoner som la ham under slikt press».

Dei skriv også at det er «et pinefullt og ubegripelig paradoks» at samfunnet «vendte seg mot ham i mistenksomhet og mistillit». NHO-president Ulltveit-Moe går eit steg vidare og hevdar at Dagbladet «tok livet av Tønne».

Det er vanskeleg å forstå dette annleis enn at dei meiner at pressa og Økokrim skulle ha halde «fingrane frå fatet», for å seie det litt populært.

Hemmeleghald skjerpar interessa

Hadde Tore Tønne fortalt heile sanninga frå første stund, ville saka truleg blitt mindre i omfang både i Dagbladet og i dei andre avisene som fann det naudsynt å gå inn i saka.

Forsøk på å skjule sanninga skjerpar interessa både hjå pressa og politiet. Løgner som blir avslørt, fører til at spørsmål om motivet for å lyge blir meir påtrengande.

At ein hadde med ein tidlegare statsråd å gjere, som var tiltrudd ein av dei viktigaste tillitspostane i samfunnet, verka til å skjerpe sansane. Han heva etterlønn frå staten, og i tildelingsbrevet for etterlønn, vart han pålagd å melde frå om «det oppsto endringer i hans inntektsforhold som påvirket forutsetningene for utbetaling av etterlønn». Dette pålegget følgde han ikkje.

Tønne nekta for at han hadde hatt oppdrag for Kjell Inge Røkke i samband med kampen om Kværner. Det var ikkje sant, avslørte dokumenta.

Han nekta også for at han hadde fått lønn eller honorar frå Røkke. Det stemde ikkje. Han hadde fått eit deloppgjer på 1,5 millionar kroner som «suksesshonorar» for Kværner-jobben. Til overmål var honoraret kamuflert på ein utspekulert måte gjennom advokatfirmaet BA-HR.

Han nekta også for at han hadde lånt pengar av Røkke. Men han hadde lånt tre millionar kroner utan avtalt rente og nedbetalingstid. Dette var så oppsiktsvekkjande at korrupsjonsjeger Eva Joly fann grunn til å reagere.

Låneforholdet avdekka at Tønne hadde misleghalde banklån og i vår måtte ty til Røkke.

Dette bygde seg opp mens han sat som statsråd, sjølv om han til Aftenposten, då han vart statsråd i 2000, sa at han ikkje ville få økonomiske problem på statsrådslønn.

Ikkje åleine

Tønne er ikkje åleine om å ha falle etter å ha kome i Økokrim sitt søkelys. Tønne er den fjerde eksstatsråden på drygt 15 år som er blitt straffeforfølgd.

Først var det Astrid Gjertsen (H) som i 1986 vart teken for juks med drosjerekningar. Ho tilsto og fekk si straff.

I 1989 måtte Einfrid Halvorsen (Ap) gå. Også ho tilsto underslag og vart straffa.

I 1996 måtte Terje Rød Larsen gå som statsråd etter berre tre veker i stolen. Fortida innhenta han. Han vart bøtelagt for skatteunndraging.

Dei siste tre svarte for seg og tok det oppgjeret samfunnet kravde. Alle kom seg gjennom det og kjempa seg opp att.

Forsvararen til Tønne meinte at tiltalen var grunnlaus og at klienten hans dermed ville ha hatt «ei god sak i retten». At Tønne ikkje makta det, og at saka fekk eit tragisk utfall, kan ikkje lastast pressa og politiet.

TRAGISK: Saka om Tore Tønne fekke eit tragisk utfall. Men det betyr ikkje at pressa og politiet skal slutte å gjere jobben sin.

ARKIVFOTO: SCANPIX

ACYIPP00