Kjell Underlid, NKP

Ei av dei siste bøkene eg las var nettopp skriven av ein forskar frå dette miljøet ved NHH. Bertil Tungodden tok for seg fattigdomsproblemet frå ein etisk synsvinkel i ei fersk doktoravhandling, og publikasjonen var til å bli klokare av.

Likevel er det grunn til å vere på vakt her, slik journalist Normann Kirkeeide er i sin særs velskrivne og tankevekkande reportasje («Verdier mot børsen») om ovanfornemnde seminar og senter (BT, 30. april d.å.). Etikk er «in» for tida, til dømes innan økonomi, næringsliv og militærvesen. Men etikken eksisterer ikkje i noko vakuum, og den herskande moral har ein tendens til vere dei herskande sin moral. I ei tid med sekularisering er det blitt stadig vanskelegare å bruke religionen for å velsigne krig, utbytting og anna sosial urettferd. Det har oppstått eit behov for nye ypparsteprestar. Etikken kan også brukast til å kamuflere, tildekke, fordreie, tilsløre og legitimere urett. Men kan kapitalismen, som betyr at eit fåtal eig produksjonsmidlane og haustar fruktene av andre sitt arbeid (utbytting) nokon gong bli eit moralsk høgverdig system? Kan utbytting vere akseptabel sett frå ein etisk ståstad? Og er ikkje nettopp NHH ein institusjon som særleg skal gje opplæring i profittmaksimering under kapitalismen? Men ein etikk som ikkje er djervt utfordrande, forpliktande, nådelaust sanningssøkande og rasjonell samstundes som den er tufta på eit kjenslebasert engasjement, allergisk mot dobbeltmoral, handlingsretta og uredd i sin kritikk av makthavarar av ymse slag – er etter mitt syn verdilaus.

Så spørst det då om det nye senteret ved NHH vil gje rom for mellom anna kapitalismekritikk. Finst det framleis gode krefter av same slag som t.d. tidlegare økonomiprofessor Leif Johansen (som sikkert ville fått Nobel-prisen i økonomi om han hadde fått leve lenger, men som også var aktiv kommunist) og den bergenske samfunnsrefsaren og moralfilosofen Harald Ofstad, som var nådelaus i sitt oppgjer med fascismen sin forakt for veikskap?

Nåvel, senteret for økonomi og etikk får få sin sjanse, men reportasjen i BT lovar ikkje godt. Ein av hovudinnleiarane var professor Jon Elster, som alt på 1970-talet var kjend som ein framståande marxist i ymse miljø. Men han var vel helst marxolog. Sjølv fann eg fort ut at det var mykje betre å gå til Marx sine eigne originalskrifter enn Elster sine utlegningar for å lære meir om den tenkjaren som nyleg vart kåra som den viktigaste i forrige årtusen. I BT-intervjuet får han seg til å forsvare privatiseringar i helsestellet: «Jeg kan ikke se at en person med mange penger ikke skal kunne søke den medisinske hjelp han trenger dersom han betaler de fulle kostnader.»

Det framgår også av reportasjen at Elster heller ikkje vert opprørt over dei auka skilnadene mellom fattige og rike i Noreg. Dersom det er slike holdningar, som er framandelement i norsk og internasjonal arbeidarrørsle, som vil prege det nye senteret si verksemd, har i alle fall ikkje vi som drøymer om ei meir rettferdig verd – mykje å vente oss frå «etikk-ekspertane» ved NHH. Arbeidarrørsla og andre progressive grupperingar må nok sjølv sørge for å skape rettferdssamfunnet gjennom ideologisk, politisk og økonomisk klassekamp.

Kan vi vone på drahjelp frå Senter for økonomi og etikk i denne striden, eller er det helst kapitalkreftene sine interesser som vil bli ivaretatt? Eller er det tale om ein etikk som ikkje er sosialt relevant vi kan vente oss? Også etikken har eit klasseinnhald sjølv om mange vil nekte for dette ved å vise til såkalla verdinøytralitet. Men er det mogeleg å vere nøytral i slike normative spørsmål?