Neppe nokon andre enn Irak og Jordan vil ta imot han. I Irak risikerer han dødsstraff, og Noreg er bunden av internasjonale konvensjonar som set bom for ei slik utlevering.

Jordan har kravd han utlevert med grunnlag i påståtte narkotikabrotsverk. Påstanden er at saka er konstruert for å få fatt i han. Kva føremålet er og kva han kan risikere der er uvisst. Men grunnlaget for kravet var så spinkelt at nederlandske styremakter/påtalemakt ikkje ville gå i retten med materialet.

For tynt

Det er liten grunn til å tru at norsk påtalemakt vil vurdere materialet og grunnlaget annleis.

Det hjelper lite at justisminister Odd Einar Dørum måndag sparka ballen i utleveringssaka over til Riksadvokaten.

I går var det hektisk møteaktivitet på mange plan i ulike instansar som følgje av at nederlendarane sende Krekar tilbake til Noreg.

Riksadvokaten sparka i går ballen vidare til statsadvokaten i Oslo som fekk i oppgåve å sparke vidare til politimeisteren i Oslo.

Deretter vil saka gå den motsette vegen tilbake til Riksadvokaten.

«Ingen» vil ha Krekar

— Ingen land vil ta imot han. Til Noreg kom han frå Pakistan der han var i transitt. Hit til landet kom han som kvoteflyktning frå FN og fekk asylstatus for opphald i Noreg, seier advokat Brynjar Meling til Bergens Tidende. Han har representert Krekar i lengre tid.

Norske styremakter har i lengre tid hatt ei forståing, men ingen avtale, med Nederland om at dersom Krekar vart lauslaten i Nederland, ville han få kome inn i Noreg utan å bli avvist på grensa.

Grunnlaget for dette, var at han hadde norske reisedokument og opphaldsløyve i Noreg då han i fjor vart arrestert i Nederland. Dessutan var det ikkje fatta endeleg vedtak i Noreg om kva som vidare skal skje med opphaldsløyvet og om han skal utvisast.

Norske styremakter har funne at dei vil bruke tid på å behandle saka hans. Han har fått førehandsvarsel om at han vil misse reisedokumenta og opphaldsløyvet. Grunngjevinga er ein påstand om at han har opphalde seg her i landet på falske premissar.

Styremaktene må då gå grundig inn i saka og kvalitetssikre opplysningane dei har om Krekar for å vere heilt viss på at dei ikkje trør feil.

Svarteper

Ein kan ikkje sjå bort frå at konklusjonen blir at det ikkje er råd å sende han ut av landet av di ingen er villig til å ta imot han. Eller av di lagnaden hans er usikker i dei landa som eventuelt skulle vere interesserte.

På nasjonalt plan ligg alt til rette for at overvakingspolitiet, PST, allereie har sikra seg å få Svarteper. Internasjonalt tyder mykje på at Noreg blir sitjande med Svarteper om ikkje forsynet skulle kome politikarane til hjelp:

Krekar har fått tilbake reisedokumenta som gjer at han kan reise og forlate landet. Kanskje er det det norske styremakter vonar at han vil gjere, for å sleppe å bli sitjande med Svarteper.