Under overskrifta «Tøvete påstander» serverer ho 26. juni ei salve om at Senterpartiets politikk er ein fare for busetjing og næringsliv i distrikta. Dette vert hevdet frå eit parti som ved alle høve kuttar i budsjettpostar som kjem distrikta til gode. I sitt budsjettforslag for 2001 foreslo til dømes Høyre kutt i distriktsstøtte og overføringar til landbruket på til saman 2,7 milliardar kroner. I tillegg seier Høyre, som Ap sin støttespelar i kommuneøkonomien, nei til auka løyvingar til tenesteproduksjon i kommunale og ja til ei omfordeling av ressursar frå små distriktskommunar til større bykommunar. Ikkje ein gong eit fremlegg om 50 millionar til å opprettholde grendeskulane kunne Høyre støtte i vår, partiet som har «skatt og skole» som einaste saker i valkampen.I motsetning til Høyre har Senterpartiet ein distriktspolitikk som sørgjer for busetnad og ei utvikling på lang sikt. Difor vil med m.a. byggje ut breiband til alle deler av landet til same tid og same pris, som grunnlag for utvikling av nye kunnskapsbaserte næringar også i distrikta. For oss er det viktig å sikre lokal eigarskap til naturressursane, og at verdiskapinga i større grad enn i dag kjem lokalsamfunna til gode. Difor vil med ikkje auksjonere bort oppdrettskonsesjonar til dei rikaste, men at dei skal være gratis og heller sikre lokalsamfunna sin del av verdiskapinga gjennom ei arealavgift til vertskommunen. Kva gjeld veginvesteringar, er vi einige med Erna Solberg at det trengs ein kraftig auke. Men eg torer òg minne om at i dei budsjettforlika sentrumsregjeringa hadde med Høyre og Frp pressa ikkje Høyre på for å få ei einaste ekstra krone til dette føremålet. Høyre hadde andre prioriteringar. Først under budsjettforliket mellom sentrum og Ap vart det ei viss auke i løyvingane til vegføremål.Mandag 2.07. hevdar Solberg vidare at Senterpartiet ikkje tek ansvar for momsreforma, og den verknaden reformen får for kommunesektoren.For det første er Senterpartiet svært nøgde med at matmomsen er halvert. Det har vore ei kampsak for oss frå valet i 1989, og med er glade for at med endelig har fått fleirtal for eit gamalt krav om å redusere skatt på matvarer. Merkeleg nok er visst mat det einaste området der Høyre gjerne vil at folk skal betale skatt. Redusert matmoms er òg eit gode for kommunesektoren. I dei kommunale institusjonane, som sjukeheimar og omsorgsbustader, vil det merkast positivt i rekneskapa.Stortingsfleirtalet, Sp, Sv, KrF og Ap, valde å opprettholde det synet desse partia har om følgjande: ikkje sidestille tenestekjøp frå private og egenproduserte tjenester i kommunale med omsyn til momsrefusjon. Unntak er bygg— og anlegg, trykksaker og renovasjon. Når Solberg undrar seg over kvifor Senterpartiet inntek denne haldninga er det ut frå følgjande: Vi ynskjer ikkje å stimulere til privatisering og konkurranseutsetjing av offentlege velferdstenester. Vi ser på dei kommunale institusjonane som integrerte einingar, og vil ikkje ha ei utvikling der dei offentlege tjenestene vert svekket og dei velståande kan kjøpe seg tjenester av betre kvalitet. Erna Solberg snakkar såleis mot betre vitande i sin omkamp i ei tapt sak. Senterpartiet vil slåss for fellesskapen og ei utvikling som sørgjer for oss alle, og mot dei kreftene som vil føre til aukande forskjellar, fremvekst av nyfattigdom og sosial uro. Det ber vi om tillit til ved valet 10. september.