For snart 30 år sidan tok han over slåtten på eine nabogarden. Det andre bruket pakta han for knapt ti år sidan.— Eg kunne slått mange fleire gardar. Fram gjennom åra er det fleire som har vore på meg. Du veit, for å setje det på spissen, i dag bur eigarane av gardane i Oslo, eller Spania for den saks skuld. Dette er ein måte å omgå bu- og driveplikta. Men bøndene får ikkje auke mjølkekvotane, og vi ville vel heller ikkje greidd å ta hand om stort meir ftr enn det vi har.250 mål har bonden på Bjørlo å fare over med ftrhaustar kvar sommar. Med 75 storfe på båsen, 25 av dei mjølkekyr, lever Erling godt av å drive gard i Eid. - Vi får økonomi i det fordi vi bygde opp garden då det var brukande tider, rundt 1980. Då kunne vi produsere det vi ville. Skulle vi gjort det same i dag, hadde vi fått problem, meiner Erling Bjørlo.Han ser ikkje lysteleg på framtida for norsk landbruk, og meiner det vil bli endå tøffare i åra som kjem.- Skal folk kjøpe seg ny bil, ser det ut til at prisen ikkje spelar nokon stor rolle. Matvarer skal derimot vere billege.For drygt 20 år sidan var dei sju bønder på Bjørlo, like ved sentrum i Eid. No er det to att. Erling Bjørlo legg ikkje skjul på at han syns det er trasig.- Det er så langt mellom kvar bonde at vi snart blir folkesky. Det var meir naboskap før.