Odd-Bjørn Hjelmeset, Anders Aukland og Thomas Alsgaard har alle personlege smørjarar når den nye sesongen no tek til neste helg på Beitostølen. Det meiner Skjeldal ein kan leve med, men han fryktar kva utviklingstendensane kan bli.

— Vi må passe oss for konkurranse i laget. Viss fleire og fleire trekkje inn sine eigne smørjarar, kan ein oppleve at laget slår sprekker, meiner Skjeldal.

Den gode lagånda i det norske herrelandslaget i langrenn har fått mykje av æra for dei store triumfane dei siste åra.

Då Per Knut Aaland ikkje kunne halde fram som smørjar på landslaget på grunn av at han jobbar for ein italiensk smurningsprodusent, vart han leigd inn av Hjelmeset, som har hatt Aaland som smørjar i fleire år. Aukland kasta seg på. Alsgaard har hatt Hein Bergersen som sin private smørjar i mange år. Tre av fem løparar på herrelandslaget har no privat smørjar, trass i at skiforbundet brukar millionar på sitt smørjeapparat årleg. Skjeldal vel å bruke landslagssmørjaren Michael Häsler, som har smurt skia til vossingen dei siste par åra.

— Eg trur ikkje vi skal problematisere dette i første omgang, seier Skjeldal til Bergens Tidende.

— Per Knut er godt kjent og godt likt i miljøet. Han vil kunne avlaste, og kanskje vil vi andre kunne få nytte av hans kunnskap, seier Skjeldal.

Aaland skal vere med Hjelmeset og Aukland på to samlingar, tre klassiske verdscuprenn og VM i Val di Fiemme. Men han får ikkje smørje skia deira på renndagen.

PERSONLEGE SMØRJARAR: - Viss fleire og fleire trekkje inn sine eigne smørjarar, kan ein oppleve at laget slår sprekker, meiner Kristen Skjeldal.

FOTO: KNUT STRAND