Utover hausten går det slag i slag me dei ulike fugle— og dyreartane. Ikkje ein gong det sjeldsynte ekornet kan kjenne seg trygg. Sjølv i område der denne arten så å seie ikkje førekjem, er det tillatt med jakt.

Det blir sagt at viltet har mange føremon framfor produksjonsdyra ý eit fritt liv, ein sjanse til å unnsleppe og i beste fall ein rask og uventa død. Men som alltid i forholdet mellom menneske og dyr er det meste på våre premissar.

Bruk av hundar, mobiltelefonar, driving og diverse lokkemiddel gir ikkje alltid viltet ein real sjanse til å unnsleppe.

Utvida jakttider med større kommunalt sjølvstyre og vektlegging på auka næringsmessig utnytting skal gje kommunane, grunneigarane og jegerane mange fordelar, dersom forslaget frå Direktoratet for naturforvaltning går gjennom. Viltet sine interesser blir ikkje vektlagt. Det er ikkje ein gong lagt inn freding i brunsttida for elg og hjort. Det er ikkje dyrevernmessig viktig, ifølgje Direktoratet. Det blir likevel påpeika at jakt i brunsttida kan føre til ulemper for jegerane, i form av nedgang i kalvefødslar ý

Den tidlege jaktstarten for hjortevilt tar lite omsyn til dei små kalvane. Svært mange blir morlause i løpet av jakta. Blir vinteren og vårknipa hard, er det først og fremst desse som stupar. Slike tragedier blir gjerne grunngitt med at viltstamma er for stor og at det er behov for ei hardare skattlegging. Vi høyrer lite om behovet for ein betre jaktmoral.

Blyforureining av naturen er blitt eit miljøproblem knytt til den intensive jakta. Eit endå større problem er dei mange skadeskotne dyra, dei som i denne stund lid i det stille i skogar og fjell, med knusingsskader, avskotne bein og infeksjonar som langsomt drep dei. Hagla påfører hundretusener av fuglar enorme lidingar kvart år. Danske undersøkingar har konkludert med ei skadeskyting på over 50 prosent for enkelte fugleartar. Likevel er det ikkje på tale å forby denne jaktforma. Omsynet til fuglejakt som sportsgrein og fritidsaktivitet veg langt tyngre enn nokre hundretusener fuglars lidingar ý

No kan det bli aktuelt me ein prøveperiode med pil- og bogejakt i Norge, ei jaktform som vil spare naturen for bly, men som til gjengjeld kan påføra dyra endå større lidingar. Nok eit «urbehov» skal dekkast, og igjen er det dyra som kan bli dei store taparane.

Den utbreidde jakta, i tillegg til miljøgifter, overfiske, ufrivilleg fangst i fiskereiskaper og spreiing av introduserte viltartar fører til eit enormt press på fugle- og dyreartane.

Det merkast. Naturen opplevast som aude og tom. Det er lite liv å sjå, både på land og sjø. Der det for nokre tiår sidan var yrande fugleliv, er det no berre ein og annan måse å sjå. I skogar og fjell er det likeins ý det er få spor etter dei opphavlege bebuarane. Det einaste ein kan vera sikker på å treffe er menneske, nokre med gevær over skuldra ý på veg ut for å hauste av ein natur som er illevarslande stille.

Jakta foregår i dag på alle artar som det er muleg å jakte på. Skulle jakta bli redusert til ei økologisk nødvendig skattlegging, ville dei fleste dyreartar og alle fugleartar forsvinne frå dødslista. Den relativt svake motstanden mot jakt kan nok delvis forklarast med at dei færraste har sett den pinefulle dødskampen til eit skadeskote dyr, fått innblikk i den morlause kalven sin kamp gjennom vinteren eller høyrt elgkua rope og søke i dagevis etter dei døde kalvane sine.

Sjølvsagt må ein respektere at mange har glede og nytte av jakt. Men jakta bør kunne forbedrast og reduserast. Det ville bety mindre liding for viltet og mindre fare for overskattlegging av artane. Det ville også bety at det store fleirtalet av Norges befolkning som ikkje jaktar, kunne få større glede av naturen.

JENNY BERG-ROLNESS, DYREBESKYTTELSEN SOGN OG FJORDANE