Siste vekene har vore tunge. Det er ikkje dei 140 kg som har tynga mest, men avgjerda om å stoppe alle fedmeoperasjonar inntil vidare. Håpet om eit betre liv, som eg saman med fastlege og psykiater har brukt månader på å bygge opp, vert skylt ned i sluket.

Eg er ei vanleg kvinne ikring 40 år, som har levd eit vanleg liv med utdanning, familie og jobb. Var glad i turar og friluftsliv. Engasjert i jobb og familie som etter kvart tok all tid. Mosjon og tid til å ta vare på meg sjølv vart siste post på programmet i ein travel kvardag.

Siste 5-6 åra har vore prega av sjukdom, fysisk og psykisk.

Eg er i dag ein stor utgiftspost for det norske samfunn. Også utan fedmeoperasjon.

Ein fedmeoperasjon er berekna å koste kr 80.000. Dette er ein eingongskostnad. Pr. i dag får eg utbetalt ca. kr 360.000 i sjukepengar og delvis uførestønad. I tillegg har folketrygda utgifter til dekking av medisinar som eg treng for behandling av diverse sjukdomar som har samanheng med overvekta. Denne summen blir i år på ca. 40.000. Prognosen for at eg ved hjelp av vanlege slankekurar skal greie å bli kvitt overvekta og dermed helseproblema som fylgje av den, er svært små. Det er derimot fare for at det oppstår fleire og stadig meir alvorlege og kostnadskrevjande sjukdomar som fylgje av overvekta. Dersom eg lever 20 år til vil det medføre ein minimum kostnad på 8 millionar kroner i trygdeutbetalingar og utgifter til medisinsk behandling. For 1 prosent av denne summen kan eg få ei behandling, fedmeoperasjon, som vil føre til at mange av sjukdomane forsvinn og eg kan gå ut att i arbeid.

Det blir ikkje stilt spørsmål ved mange andre sjukdomar og skader som også har samanheng med levesett. Men det kan synest som haldningane til fedmeoperasjonar er prega av ei oppfatning om at overvektige er personar som er grådige, late og litt dumme. Og at det derfor er ei dårleg investering å betale kr 80.000 for ein operasjon til slike folk. Når feittet har lagt seg på innsida av blodårene i hjerte eller andre plassar, blir det ikkje stilt spørsmålsteikn ved om vedkomande skal behandlast. Om helseskadane skyldast røyking så blir den sjuke ikkje nekta behandling. Sjukdomar og skade som fylgje av alkoholbruk blir behandla utan å rekne på kva det kostar. Skadar som fylgje av ekstrem sport og uvettig friluftsliv blir sjølvsagt behandla.

Dette er flott. Men kvifor skal det vere så vanskeleg å gi sjukleg overvektige ei behandling som hjelper?

I dag er min kvardag sterkt prega av overvekta. Dei fysiske sjukdomane plagar meg, men det er skamma over korleis eg ser ut, og at eg ikkje klarar å regulere vekta som er verst. Eg går minst mogleg ut av huset. Prøver å unngå at folk skal sjå meg. Barna mine får spydige kommentarar om korleis mor deira ser ut, og dette synest dei er ubehageleg. Eg skjemmest over at dei lir på grunn av meg.

Før gjekk eg turar i nærområdet, og trena på andre måtar. No vil eg berre unngå å møte folk.

Før såg eg fram til å delta på kurs og konferansar, og i sosiale tilstellingar i lag med arbeidskollegaer og venner. No greier eg ikkje å delta. Eg skjemmest over kroppen min som er så synleg for alle.

Eg har tidlegare arbeida som leiar på mellomleiarnivå og har fem år høgskuleutdanning. Eg har vore aktivt med i organisasjonar og på arbeidsplassen. No blir alt overskygga av overvekta. På slutten medan eg gjekk i arbeid opplevde eg arbeidsdagen som ein serie av audmjukingar. Det var kanskje ikkje slik meint, men det kosta meg etter kvart for mykje å vere saman med folk og utføre arbeidet mitt. Eg miste søvnen, og i tillegg auka plager med søvnapne, så eg greidde ikkje lenger å gå i arbeid. Eg var langt nede psykisk og eg kjende meg fysisk sjuk. Etter eg gjekk ut i sjukmelding har vekta halde fram med å auke.

Eg går minst mogleg ut. Ønskjer ikkje at nokon ser meg og skamma mi. Har det best når eg kan vere inne i huset. Arbeider ca. 3-4 timar for veka på aktiv sjukmelding. Dette er eit arbeid som eg kan utføre utan å vere i lag med arbeidskollegaer.

Eg har streva med kroppsvekta i 30 år, og prøvd alle moglege kurar og tilnærmingar. Vellykka og mindre vellykka. Men har siste åra gitt opp med det resultat at vekta har auka med ca. 35 kg i tillegg til ei betydeleg overvekt frå før. Eg hadde gitt opp. Eg trudde ikkje at det var mogleg å få eit anna og betre liv. Mi bekymring handla mest om at gravferdsbyrået måtte syte for at botnen i kista var sterk nok, og berehandtaka heldt, slik at det ikkje oppsto nokon pinleg situasjon når kista skulle førast til grava. Tankane arbeida også mykje med problemstillinga knytt til om det ville bli for tungt for dei som skal bere kista.

Når operasjon vart føreslått, så såg eg ikkje på det som noko alternativ. Trudde ikkje at det kunne finnast noko som kunne hjelpe med mi overvekt. Men godkjende at det vart sendt ein søknad. Etter fleire samtalar så bygde det seg opp eit håp i meg om at eg kanskje likevel skulle få att livet mitt ved hjelp av ein fedmeoperasjon. Når eg såg snøen på fjelltoppane tidleg i haust så kjende eg det i heile kroppen korleis det ville vere å få kjøre slalåm att. Eg såg for meg at eg kunne vere saman med kollegaer på jobb, gå på kino, reise med buss og fly osv. Eg drøymde om å vere saman med andre utan å kjenne skam over kroppen min. Tenk å kunne røre på seg utan å komme borti alt mogleg. Eg drøymde om at eg kunne sitje i alle slag stolar utan å vere redd dei skulle knekke saman eller at eg sat fast i dei. Eg drøymde om å kunne sette meg inn i ein ukjent bil eller reise med fly utan å oppleve audmjukinga ved at sikringsbeltet ikkje var stort nok. Tenk å kunne gå på tilstellingar på skulen til barna utan å måtte frykte at dei skulle bli erta i ettertid for at mora deira er så tjukk.

Det blir snakka om at det er viktig å akseptere kroppen sin og ha eit godt forhold til den. Eg greier ikkje det, dessverre. Det blir også sagt at tjukke menneske er så blide og koselege. Kanskje er mange det, eller kanskje er det berre utanpå. Når eg er saman med folk så må eg prøve å vere slik at eg vekkjer minst mogleg avsky. Eg unngår at kroppen min kjem i berøring med andre, eller at eg rører på meg slik at kroppsfeittet dissar. Eg tilpassar min veremåte og kva eg seier slik at eg skal ta minst mogleg plass og ikkje vere så «synleg». Eg har ikkje lyst å vekkje avsky hos dei eg er saman med. No er eg som sagt mest heime.

Når eg vart kjend med at overvektsoperasjon faktisk var eit alternativ for slike som meg, så kunne eg knapt tru det. Eg opplevde at eg kunne få tilbake eit liv som eg hadde mista. No etter at operasjonane vart stansa har det vore mange tunge tankar. Håpet vart tent for så å bli kvelt av helsebyråkratar. Tidlegare har håp vore knytt til nye slankekurar, nyttårsforsett, trening på treningsstudio osv. Finst der noko no som eg kan knytte håp til?

Framleis opplever eg at eg kan vere noko for familien min i heimen. Lett husarbeid og hjelp med lekselesing det greier eg. Dessverre er det slik at eg ofte er «fjern» fordi mange tunge tankar og fortviling tek så stor plass. Familien, samtalane med fastlege og psykiater, og medisinar for depresjon og indre uro, held meg i gang. Trur eg.

Det tente seg eit håp om at eg skulle kome i arbeid att, ha eit sosialt liv, og ikkje medføre plage for mine barn når eg viste meg utanfor husets fire veggar. Det synte seg å bli eit skuffa håp, så langt.

Arbeidet med å akseptere og tilpasse meg situasjonen som totalt arbeidsufør av meir enn 70 kilo overvekt, vart stoppa av håpet om operasjon.

No lever eg i eit slags vakuum. Veit ikkje om eg framleis skal håpe på operasjon eller eg skal prøve å tilpasse meg situasjonen som varig ufør. Slankekurar vil eg sikkert kome til å prøve i framtida også, men etter 30 år med meir og mindre vellykka slanking så har eg ikkje så stor tru på å lykkast.

Eg stengjer ute tankar om ei framtid. Å leve mestedelen av livet innanfor heimen sine fire vegger er trist. Men for meg er det å vere innestengt i ein altfor stor og feit kropp mykje verre. Sjølve min person blir usynleg i møte med andre. Det er berre kropp og feitt som er synleg. Eg hatar kroppen min. Den har tatt det som skulle vere livet mitt.

Fedmeoperasjon er ei behandling som verkar på ein tilstand som elles er svært vanskeleg/umogleg å behandle. Eg opplever at når denne behandlinga blir stoppa så stadfestar det at eg som overvektig er eit mindreverdig menneske og ikkje har rett til behandling.