Jens Stoltenberg er det blitt sagt mykje godt om, og det er ikkje utan grunn. Men han blir frå mange hald skulda for å vera utydeleg. Det er ikkje så bra. Korleis skal han bli kvitt det stemplet?

I går var det professor og maktutgreiar Hege Skjeie som var ute i Dagens Næringsliv og sa at Arbeidarpartiet manglar mot. Ho ønskjer seg eit Arbeidarparti som tek eit ideologisk oppgjer med Framstegspartiet. I fall partiet vegrar seg for det, kan opphaldet på mellompartinivå bli langvarig.

Hege Skjeies utgangspunkt er det utydelege Arbeidarpartiet. Ho meiner partiet bør halda fast ved strategien frå stortingsvalet 1997, då Thorbjørn Jagland utnemnde Frp til hovudmotstandar. Problemet er at i tida etterpå har Frp vakse til langt over 30 prosent, medan Ap slit rundt 20. Kan det vera denne utviklinga som skremmer Ap-leiinga frå å utforma ein strategi som eit klårt og kanskje einaste tunge alternativet til Carl I. Hagen?

Eg er mellom dei som meiner det nesten alltid er viktig med klåre alternativ i politikken. Det har veljarane krav på. Så kva er grunnen til at ikkje Jens Stoltenberg i større grad kan framstå som eit alternativ både til Frp og den høgredominerte regjeringa? Er det fordi han ikkje vågar? Det er neppe så enkelt. Men lat oss først sjå på korleis Arbeidarpartiet framstår i dag.

Sit fast på Ap-ryggen

Det er mange år sidan Carl I. Hagen bestemte seg for at hans veg til makta skulle gå via eit tettare hopehav med Arbeidarpartiet. Det skulle gje legitimitet til partiet hans. Og sanneleg har han greidd det. Gjennom ei rekkje saker som somme vil kalla tvilsame — så som IT-Fornebu - har han klora seg fast på ryggen til Arbeidarpartiet. I gasskraftsaka har dei stått skulder ved skulder. Når Framstegspartiet krev lågare bensinpris, så synest Arbeidarpartiet brått dette er eit rimeleg krav. Når folk og Hagen ropar på billegare straum, så seier Arbeidarpartiet at ja, det er eit krav vi må innfri.

I somme saker kan Jens Stoltenberg og dei andre Ap-leiarane seia at «vi kan ikkje gå mot ei sak vi meiner er rett fordi vi får støtte av Framstegspartiet». Det er eit synspunkt som tidvis held. Men det held ikkje i saker som billegare bensin og billegare straum.

Stortingsregjereri

Barnehageforliket er det ferskaste - og kanskje det verste - dømet. Her har Arbeidarpartiet ei hjartesak, som dei ikkje har klart å gjennomføra på eigen kjøl. Full barnehagedekning var ein fast Ap-bløff på det meste av 90-talet. Så ser dei at dei kan slå to fluger i ein smekk: Påføra Bondevik-regjeringa eit forsmedeleg nederlag, og samstundes skaffa fleirtal for ei sak dei kan skryta av. Med eitt slag skal det bli slutt på barnehagekøen, og prisen på ein barnehageplass skal bli det halve. Hurra. Slik gjer vi det i eventyrland.

Det er eit vedtak utanfor all forstand, og det er nesten ikkje til å fatta at Arbeidarpartiet - under parlamentarisk leiar Jens Stoltenberg – har gått i Frps og SVs felle. No sit ei Bondevik-regjering med minimalt av økonomisk handlerom og veit ikkje si arme råd. Korleis skal dei skaffa pengane? Korleis skal dei imøtekoma stortingsregjereriet?

Det er slike litt tunge episodar som gjer at folk flest synest politikken vert utydeleg. For korleis kan det ha seg at dei som skal vera hovudfiendar samarbeider om såpass mange – og såpass ulike - saker? Nei, sei det.

Aps privatisering

Men det kan vera fleire grunnar til at Arbeidarpartiet hamnar i sekk med Frp, endå Stoltenberg med ein viss rett seier at å skyta på Frp er som å skyta på bevegelege mål. For det har vore sterke krefter i Ap som vil modernisera partiet, og meiner at modernisering tyder å flytta seg over mot høgre. Då Arbeidarpartiet så uheldig tok makta våren 2000, med Jens Stoltenberg på topp, såg vi eit Arbeidarparti som hadde avvikla sin prinsipielle motstand mot å privatisera Statoil. I det heile hadde Arbeidarpartiets motvilje mot privatisering og private løysingar blitt mindre. Somme tok til orde for at partiet skulle løysa banda til LO, og særleg til Norsk Kommuneforbund. Jørgen Kosmo skulle modernisera offentleg sektor, men forstod etter kort tid at han hadde fått ei trøye han ikkje kunne aksla.

Fløyar i partiet

Så var regjeringseventyret brått over, veljarane ville ikkje meir, og no har Ap hatt sitt Dialogforum. Det skulle leggja mindre vekt på havariet, men løfta blikket mot ei framtid som skulle bli lys for Det norske Arbeidarpartiet. Her vart det slått fast at hopehavet til fagrørsla skulle styrkjast og vidareutviklast. Og på landsmøtet kunne vi meir enn ana røyster som ville heisa fana raud og rein. Men samstundes er partiet fullt av folk som meiner det nære samarbeidet med LO er vil bli ein klamp om foten på partiet. I dette politiske villniset er det ikkje så lett å vera tydeleg.

Problemet er ikkje nytt. Det normale i Ap har vore fløyar og sterkt motstridande interesser. Det nye er at vi har fått eit Frp på kraftig frammarsj, der elles trufaste Ap-medlemmer har fått det for seg at det er lov å ta eit hopp over i flokken til Carl I. Hagen. Endå både Jagland og Stoltenberg har sagt at det ikkje er lov.

«Ansikt til ansikt er jeg ingen modig mann», sa Henrik Ibsen. Men det er ikkje det motet Stoltenberg treng. Han treng, som professor Hege Skjeie seier, mot til å profilera Arbeidarpartiet som det verkelege alternativet til Framstegspartiet. Men då lyt han kanskje gje slepp på eit par billege sigrar ved hjelp av det same Framstegspartiet.