1. desember hadde Rolf O. Lingjærde eit debattinnlegg om Sellafield i Bergens Tidende som ikkje kan stå uimotsagt. Nokre dagar før hadde professorane Thormod Henriksen og Per Hoff frå Universitetet i Oslo liknande innlegg i Aftenposten og Stavanger Aftenblad.

Hovudbodskapen til alle desse er at vi lever i eit «hav» av stråling, der den naturlege strålinga dominerar fullstendig. Utsleppa frå gjenvinningsanlegga i Sellafield representerar ingen helserisiko, korkje no eller i framtida. Vi som fryktar desse utsleppa lir av radiofobi. Professor Per Hoff legg til at han ikkje ventar fagleg seriøsitet av miljøorganisasjonane, men er skuffa over politikarane, for det er nemleg ingenting som fagleg tilseier at utsleppa frå Sellafield er farlege.

Ja, vi har høyrt dette før. Denne argumentasjonen og desse påstandane har komme frå desse fagmiljøa ved Universitetet i Oslo og frå forskingsmiljøa ved Kjeller— og Haldenreaktorane i årevis, anten temaet har vore bombenedfall, Tsjernobyl, uranammunisjon eller Sellafield. Men det er lett å syne at dei tek feil. Trass ufarleggjeringa frå dei norske forskingsmiljøa, har dei anbefalte dosegrensene for radioaktiv stråling endret seg kraftig dei siste åra. Sidan gjenvinning av brukt reaktorbrensel tok til, har det gått føre seg ein kontinuerleg revisjon av den vitskaplege informasjonen relatert til radioaktiv stråling og risiko. Ved kvar revisjon har ein funne ut at radioaktiv stråling er mykje skadelegare enn det ein før hadde rekna med. På dette kan ein reagere på to måtar. Det er betryggande at grenseverdiane er blitt strengare. Men er det grunn til å stole på eit internasjonalt strålevern som endrar seg heile tida, og er dei grensene ein opererar med i dag trygge?

Det er sjølvsagt mykje ein ikkje veit både om den generelle effekten av radioaktiv stråling, om effekten av veldig små dosar, og om samanhengen mellom radioaktiv stråling og andre sjukdomar enn kreft. Men i dag finst det forskarar i mange land som er spesielt opptekne av lågdosestråling. Dei hevdar at ein ikkje kan plusse saman stråling frå berggrunn og flyreiser, med stråling frå radioaktive isotopar ein har fått i seg gjennom mat og innånding. Ein må også skilje meir mellom indre og ytre stråling, og mellom menneskeskapte og naturlege radioaktive isotopar. Desse forskarane har problem med både å finansiere og publisere forskinga si. Og det er lita interesse for resultata deira i alle land.

Dette havet av stråling Lingjærde og professorane frå Oslo snakkar om er heller ikkje det same som for 50 år sidan. Utsleppa frå Sellafield gjeld ikkje berre Tc-99, men mange ulike radioaktive isotopar som blir sloppe ut i luft og vatn ved dagleg drift. Ein ny rapport frå WISE-Amsterdam har rekna ut at den kollektive dosen frå ti års drift ved gjenvinningsanlegga i Sellafield og La Hague tilsvarar 1/7 av den kollektive dosen frå Tsjernobylulukka, spreidd over heile verda.

Dei auka utsleppa av fisjonsproduktet Tc-99 frå Sellafield sidan 1994 har ført til auka konsentrasjon av denne isotopen i det marine miljøet langs norskekysten. Kva dette vil bety for menneska si helse i fremtiden, veit ein sjølvsagt ikkje. Men det vi veit er at dette radioaktive stoffet har komme inn i næringskjeden til folk som bur langs norskekysten. Statens strålevern og Havforskingsinstituttet er samde med oss i Naturvernforbundet i at det er grunn til å reagere og protestere mot desse utsleppa utifrå det ein i dag veit.

Rolf O. Lingjærde hevdar at det britiske strålevernet NRPB (National Radiological Protection Board) er ein organisasjon med høy fagleg integritet. På same måte som det norske strålevernet brokar NRPB dei grenseverdiane som blir anbefalte av ICRP (International Commission on Radiological Protection). Men denne kommisjonen byggjer på eit politisk og ikkje på eit vitskapleg grunnlag. Ved val av grenseverdiar for strålevern vel dei nytte mot ulempe. Dei samarbeider med IAEA som vart oppretta av FN alt i 1957, og som har som mandat å arbeide for å utvikle og spreie sivil bruk av atomteknologi for å oppnå «fred, helse og utvikling over heile verda». WHO (World Health Organisation) er bunden av ei avtale med IAEA frå 1959, som hindrar dei i uavhengig forsking på området radioaktiv stråling og helse. Kva ein enn meiner om integriteten til internasjonalt og britisk strålevern, så kan ein ikkje hevde at dei består av frittståande, objektive grupper av uavhengige strålingsekspertar. Det er desse internasjonale miljøa som har hatt som oppgåve å evaluere konsekvensane av Tsjernobylulukka gjennom konferansar og rapportar i 15 år. Ein forskar frå Minsk, Mikhail Malko seier det slik: «Dette blir konklusjonen til alle objektive spesialistar: Det er ei krise i det internasjonale fagmiljøet når det gjeld stråling og helse, som fører til avvisning av påliteleg informasjon til fordel for eigne meiningar om kor ubetydeleg Tsjernobylulukka var». Eg vil hevde at det er ikkje større grunn til å tru at konsekvensane av Sellafieldutsleppa blir vurdert fagleg objektivt, enn at Tsjernobylulukka blir det.

Sist oktober arrangerte Naturvernforbundet Hordaland eit seminar om Sellafield. Dr. Chris Busby frå Wales la då frem resultat av forskinga si, som syner samanheng mellom barneleukemi i områda omkring Sellafield og den radioaktive forureininga. Han hevda også at dei grunnleggjande modellane som strålevernet byggjer på må være feil. Han er ikkje åleine om å hevde dette. Eg kan vise til Professor Jelena Burlakova frå Moskva som etter store epidemologiske undersøkingar på menneske og dyr hevdar at lærebøkene i strålevern må skrivast om. Og Professor Yuri Bandasjevski frå Gomel i Kviterussland opplevde å bli stilt for militærdomstol og dømd til åtte års fengsel i juni i år, etter å ha lagt frem resultat av eit stort arbeid om «Indre stråling fra Cs-137 og hjartesjukdomar hos barn». Resultata hans vart oppfatta som ein kritikk av helsepolitikken i landet, og eit angrep på heile det politiske systemet. Kviterussland er eit diktatur som gjer det mogeleg å ta i bruk slike verkemiddel. Men vi har òg Cs-137 i våre økosystem på grunn av bombenedfall, Tsjernobyl og Sellafield. Og kvifor er ikkje dei norske forskingsmiljøa ivrige etter å få tak i slike resultat og sjå nærare på det?

Av Eva Fidjestøl, Naturvernforbundet Hordaland