ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no— Enno har vi ikkje hausta eit einaste eple, fortel dagleg leiar ved Agatunet, Guttorm Rogdeberg, til Bergens Tidende. Det ni år gamle epletreet har evne til å bera mykje frukt, men eplene får ikkje henga lenge nok på treet til å mognast. Dei blir plukka som kart.

— Kven er det som forsyner seg?- Det veit vi ikkje. Sannsynlegvis er det nokon som vil ha epla som souvenir. Kanskje er dei blitt samleobjekt. Dei kan ikkje vera gode på smak, så tidleg som dei vert plukka. Epla vert borte om natta, og til tider når treet ikkje er under oppsikt elles, seier Rogdeberg.

— Med andre ord regelrett epleslang i dronninga sitt tre?

— Epleslag er eit ukjent begrep her i Hardanger. Her er så mykje frukt at det ikkje vert sett på som tjuveri om ein forsyner seg med eit eple eller to. Men det er litt løye at vi aldri får hausta eit einaste eple på treet som dronninga planta under gravensteinsjubileet, kommenterer Rogdeberg.

— Må de setja opp gjerde eller halda vakt?

— Nei, vi får heller venta eit par år, til treet er så høgt at det må reisast stige for å nå epla på øvste greinene. Då skulle det vera von om at nokre eple blir hengande til dei mognast.Trur Rogdeberg,

— Det hadde vore kjekt å få smaka eit fullmoge eple frå treet som dronninga planta, seier han håpefullt.

FREISTANDE FRUKT: Epletreet som dronning Sonja planta i 1992 får ikkje stå i fred. (ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH)