— Det er leit at enkelte treng så mykje valium for å fungera i kvardagen, sa lege Gjermund Valland i sitt vitneprov. Han skildra ein kvardag for hans generasjon privatpraktiserande legar der ein strevar med å stramma inn tidlegare tiders rikelege pillebruk. Valland fortalde at han hadde skrive ut resept på 50 tablettar valium til tiltalte 1. oktober 1999, vel vitande om at han tok meir enn tilrådd dosering på 1-2 tablettar dagleg. Men han avviste kona til tiltalte då ho tre dagar seinare ville ha meir medisin til mannen sin.

Tilrådde tvangsinnlegging Dr. Johannes Karl Christ forklarte at han ikkje visste om dei 50 tablettane då han som legevakt sette ei sprøyte med 20 mg valium om kvelden 3. oktober, og ei sprøyte med 10 mg valium seinare same kveld. Då tiltalte framleis ikkje fekk sova, forstod han at mannen måtte vera godt vand med denne medisinen. Då kona spurde etter meir medisin for å roa mannen, sa han blankt nei. Då Christ seinare på natta fekk greie på at kona hadde rømt huset, og mannen var ute og køyrde bil, søvnlaus, alkoholpåverka og med minst 30 mg valium i kroppen, varsla han lensmannsvakta og sa at mannen burde pågripast og tvangsinnleggast. Kvifor dette ikkje var tema då mannen neste morgon troppa opp på lensmannskontoret for å melda arbeidsgjevaren, kona og ein påstått elskar av henne, var ikkje tema i retten i går, men kan bli det i dag. På spørsmål frå forsvareren, advokat Jostein Alvheim, sa lensmannsbetjent Bjarne Branseth at han etter omstenda fann det fullt forsvarleg å avhøyra mannen frå klokka 22.45 til 0320 natta etter pågripinga. Det vart ikkje klarlagt om tiltalte hadde sove før avhøyret.

For stengde dører Ein svirebror stadfesta som vitne i går inntrykket av tiltalte som periodedrankar og medisinbrukar etter ein vanskeleg oppvekst, ein som heldt angstproblema for seg sjølv, og nekta institusjonshjelp. Ein gong rømde han frå sjukehuset i underbuksa. Ei dotter av tiltalte vitna for stengde dører i går. Ho hadde deretter ein samtale med faren i einerom. og dei skildest med ein klem. Det vart i går opplyst at tiltalte si no fråseparerte kone vil nytta retten til ikkje å forklara seg for retten. Aktor, statsadvokat Randi Gabrielsen sa at ho heller ikkje vil kreva politiforklaringane hennar opplesne i retten. Retten må såleis avgjera saka utan å høyra hennar versjon.