Det vert gjennom media skapt eit bilete av at vi som bur i dette området er engstelege for kva konsekvensar det vil få at mange personar med psykiske lidingar vil vere i vårt nærområde.

Eg var til stades under informasjonsmøtet som vart halde av Helse Vest den 18. november. Der vart det fokusert mykje på kor vidt det er naudsynt å byggje sjukehuset på den planlagde tomta Fagerheim gard der det i dag bur to familiar som må flytte når sjukehuset kjem. Mi oppleving er at det var dette mange av dei frammøtte var opprørte over.

Men det var også nokre få personar som stilte spørsmål til Helse Vest om det vil vere trygt for born å ferdast ute og kva Helse Vest vil gjere for å sikre området mot farlege pasientar.

Eg for min del trur ikkje folk flest i området her er så redd for psykiatriske pasientar som det som kjem til uttrykk her. Eg reknar også med at det er like mange menneske som på eit eller anna vis er i kontakt med psykiatrien her som i andre delar av byen.

Helse Vest og andre instansar har likevel ei viktig oppgåve i å informere og drive haldningsskapande arbeid for å kjempe mot dei negative haldningane som finst mot psykisk sjuke, både i dette området og andre stader.

Berit Skåre Lund