TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no LærdalDen skadde klatraren frå Colorado i USA er ein av dei mest meritterte fjellklatrarar i historia. Han har mellom anna vore på toppen av Mount Everest heile seks gonger. Han er dermed den vestlege klatrar som har vore fleste gonger på toppen av verdas høgste fjell. Dei siste femten åra har Athans klatra svært mykje i Himalaya, og har vore på fleire av dei mest kjende fjelltoppane i området. Athans var også leiar av den store milenniumekspedisjonen til Mount Everest. Saman med ein i klatremiljøet nesten like kjend amerikanar, David Breashears, skulle dei to måndag ta seg opp den 150 meter høge Jutlafossen ved Bjørkum på Ljøsne i Lærdal. Breashers er også ein kjend filmfotograf, og kan skilte med fleire av dei høgthengande Emmy-prisane. Tauet losna Klatringa opp det vinterfrosne fossefallet gjekk greitt. Det var då dei to skulle ned att, uhellet var ute.Dei to amerikanarane skulle ta seg ned att isveggen ved å rapellere. Athans hadde festa tauet han brukte i eit tre. Tauet losna, og fosseklatraren rulla og fall bortimot 40 meter nedover før ferda stoppa.— Athans slo seg i svime i fallet, og var bevisstlaus i bortimot ti minutt. Han var svært omtåka, og hadde vanskar med å hugse kva som hadde skjedd, fortel den lokale klatraren Henrik Iuell som var med på å hjelpe dei to amerikanarane ned. Såg lys i fossen Uhellet skjedde i fem-tida måndag ettermiddag. Men dei to vart først melde sakna klokka 23, då dei ikkje hadde returnert til hotellet dei budde på i Hemsedal frå isklatreturen i Lærdalsdalen.Politiet i Lærdal vart varsla, og lensmann Olav Teigen rykte ut. Like ved Jutlafossen fann han bilen til dei to. Ei tid etter observerte lensmannen lys i fossen. Teigen kontakta Iuell som tok seg opp fossen, fann dei to og hjelpte dei ned.- Dei to ville ikkje ta sjansen på å ta seg ned åleine. Dei rekna med at dei ville verte melde sakna, og valde difor å halde seg i ro, fortel lensmannen til Bergens Tidende. Først i to-tida natt til tysdag, var dei to klatrarane nede ved riksvegen att og bergingsaksjonen kunne avblåsast med lukkeleg utfall. - Svært heldig Dei to meritterte amerikanske klatrarane har vore to veker i Norge, og har i tillegg til Lærdal også klatra i Romsdalsfjella og i HemsedalenAmerikanarane ville i går ikkje late seg intervjue av Bergens Tidende. Men Henrik Iuell, som var med å hjelpe dei to ned, legg ikkje skjul på at Athans har hatt englevakt. - Han har vore svært heldig, seier Iuell.Pete Athans slapp frå ulukka med skader i rygg og lunge, og har truleg også knekt nokre ribbein.

KLATRELEGENDE: seks gonger har Pete Athans vore på toppen av Mount Everest. Ein 150 meter høg foss i Lærdalsdalen heldt på å verta hans bane. FOTO: JENS HAUGE