Norsk energidebatt handlar som regel om elektrisitet, fordi vi brukar så mykje straum til oppvarming i tillegg til lys, maskinar osv. Og det brukar vi altså meir av pr. innbyggar enn dei gjer i andre land. Dette er ein illustrasjon på at vi har rikeleg elektrisitet til disposisjon. Men er det avgjerande for om vi sløser eller ikkje om energiforbruket ligg på gjennomsnittet av dei rike OECD-landa eller om det ligg over dette gjennomsnittet? Er det ikkje meir meiningsfullt å spørje: Kunne vi oppnådd dei same goda med mindre straum? Vi kunne det. Det er dokumentert i eit utal utgreiingar frå mange kjelder i ei årrekkje. Vi kan utnytte elektrisiteten meir effektivt, og klare oss med mindre. Og vi kunne skaffe ein del varme til husa frå bioenergi i staden for å fyre med straum. Men straumen er så billeg at drivkrafta har mangla til å spare dei 15-20 milliardane kilowattimar som vi eigentleg ikkje treng, vel å merke utan å ha det kjølegare i husa eller mørkt i romma når nokon er der. Det er ikkje uvanleg at det blir sløsa med gode som er for billege, og slik er det med elektrisitet. Lys står på der ingen er, eller når det likevel er lyst ute. Datamaskinar og TV står på standby utan at nokon ser på skjermen. Den tidlegare NVE-direktøren hevda at dersom alle slo av, heilt av, fjernsynet når dei ikkje ser på, kunne vi spare Øvre Otta-utbygginga, eit godt døme på at straumsløsing er natursløsing.Det er direkte feil når Davidsen refererer at enøktiltak har redusert forbruket. Elforbruket veks stadig, sjølv om nokre tiltak har gjort at det veks mindre enn det ville gjort utan desse tiltaka. Når vatnet minkar i badekaret, går norsk energipolitikk ut på å skrue kranen meir opp i staden for å tette proppen. I staden for å gjere noko som monar med forbruksveksten, betaler staten nå pengar for å få produsert meir elektrisitet. Det meste av norsk vassdragsnatur er frå før gjennomhola, og vi kan ikkje kalle vasskraft for miljøvenleg dersom livet i naturen er ein del av miljøet. Nå er det likevel ikkje meir vasskraft som står på tapetet, men gasskraft. Regjeringa vil fyre meir for kråkene, med store gassmengder. Dersom energisløsinga får halde fram, er vi for alvor på veg inn i den fossile elektrisitetssløsinga. I ly av myter om at vi utnyttar energien effektivt.AV Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund