Store deler av helseadministrasjonen forsvinna frå fylkeskommunane. Samstundes vil også fylkespolitikarene mista eit av sine viktigaste arbeidsfelt, helsepolitikk.

– Det vert litt som å arbeida i vakuum, innrømmer fylkesordførar Gisle Handeland i Hordaland fylkeskommune. Han er innstilt på at fylkeskommunen står framom ei omfattande omrganisering både politisk og administrativt som følgje av reformen.

Men han meiner det er for tidleg å uttala seg konkret om korleis omorganiseringa skal gjerast.

– Eg vil venta til eg har sett to viktige regjeringsdokument. Det er loven om organisering av sjukehusa og meldinga om korleis regionane skal forvaltast i framtida. Begge skal koma før påske.

Helse— og sosialdirektør Bjarte Børkje seier at hans administrasjon ikkje manglar arbeidsoppåver sjølv om dei tilsette vil ha annan arbeidsgjevar om eit år.

Men han vedgår at den planlagte sjukehusreformen skaper litt uro og uvisse i organisasjonen. Og alt på neste møte vil han orientera fylkesutvalet om korleis helseadministrasjonen vil arbeida med planer og andre oppgåver i det knappe året som sjukehusa framleis er fylkeskommunens ansvar.