HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.noFlorø

Eit stort, kvitt smil kjem til syne i døra på Coast Air sin flight frå Oslo. Dette har Sri Thambiah venta på i tre månader. Gjensyn med kona Herdis Seim og Norge. Han går forsiktig ned den smale trappa. Kona, naboungar, slekt, vener og mikrofonar trippar bortover flystripa. Sri og Herdis møtest før flystøyen har lagt seg. Dei held hardt kring kvarandre. — No kjenner eg meg som ein fri mann, seier Sri stille.Det er mange år sidan han har sagt det. Han kom til Norge første gong for snart fem år sidan. Fordi han ikkje var fri på Sri Lanka. Men fridomen i Norge let vente på seg. I desember vart han send tilbake til Colombo. Han ønskte å gifte seg med florøkvinna, men fekk ikkje det, fordi han ikkje hadde permanent opphaldsløyve.

Som eit fengsel Og opphaldsløyve kunne han ikkje få. UDI meinte det ikkje var noko som tala for det. Dei tre månadene har han vore i sjølvpålagd husarrest i Colombo.- Eg fekk lov å gå ut, men eg torde ikkje. Det var nett som eit fengsel, seier han. Herdis reiste saman med han og dei to politifolka som sende han ut i desember. Dei gifta seg på eit sorenskrivarkontor rett før jul. To månader seinare måtte den norske ambassaden ordne opphaldsløyve. Denne gong for godt. - Eg har med noko til deg, seier Herdis, etter at dei har fått summa seg litt på den solvarme asfalten.Fram frå veska finn ho danseskoa hans. Ho finn saks og kam, som ei gåve frå ein frisørkunde. Ho har nøklane til huset og boda med røykefisken. Og ho har med det første vårteiknet, tre små hestehovar.- Det vert snart varmt her i Norge også, seier ho, og kyssar mannen etter heiarop frå NRK Vestlandsrevyen.

Tapte helsa Endeleg kan ekteparet får ta opp att sine normale liv. Men dei siste månadene har tære på kreftene. - Eg tapte helsa mi. Angsten sit enno att her i magen. Eg har kasta vekk mykje tid og vi har brukt mykje pengar, seier Sri.Ekteparet har likevel fått noko tilbake etter alle skuffelsane, ventinga og redsla. Det er lærdom.- Vi trudde vi hadde eit system som fungerer der det trengst.Slik er det ikkje. Handsaminga i UDI og Justisdepartementet har vore toskete og uproff.Når vi har fått kvilt oss litt, skal vi vere med å hjelpe andre i same situasjon. Dei er det mange av, seier Herdis. Les også: - Samfunnsøkonomisk katastrofe