Dermed måtte Høgsterett i går starte saka på ny med ny bemanning.

Høgsterettsdommar Ingse Stabel måtte i går vike sete etter at det kom for ein dag at dotter hennar nyleg er blitt ilagt konkurskarantene.

Temaet Høgsterett nå skal avgjere, er om konkurskarantene er å rekne som straff.

Dagen før måtte høgsterettsdommar Jens Edvin A. Skoghøy, mot sin vilje, vike sete som ugild. Det skjedde etter at riksadvokaten påsto Skoghøy fjerna som ugild og fekk tilsutning frå alle dei fem dommarane i Høgsterett.

— Dommar Stabel var sjølv heilt uvitande om forholdet som galdt dottera. Ho konkluderte sjølv straks med at det gjorde henne ugild til å sitje i retten for å behandle den saka ho var med på, opplyser direktør Gunnar Bergby i Høgsterett til Bergens Tidende.

Det var bustyraren som behandlar eit konkursbu der dotter til Stabel har ei rolle, som slo alarm overfor Økokrim. Det skjedde etter at bustyraren hadde blitt klar over at dommar Stabel sat i retten som behandlar konkurskarantenespørsmålet.

Økokrim varsla deretter riksadvokaten om forholdet. Og i går morgon, før retten var sett, ringte riksadvokat Tor-Aksel Busch sjølv til direktøren i Høgsterett og orienterte om situasjonen.

— Eg vart orientert av påtalemakta om at dommar Stabel si dotter var ilagt konkurskarantene av Oslo skifterett ved ei avgjerd av 5. mars i 2003. Eg formidla dette vidare til dommar Stabel som var heilt uvitande om forholdet. Ho erklærte seg straks inhabil. Også dei øvrige dommarane i retten sa seg samde i det. Det var såleis ikkje behov for å treffe ei formell avgjerd, seier Bergby.

Dermed fekk Høgsterett høve til å finne ein ny dommar som kunne ta Stabel sin plass. Det vart Sverre Mitsem som etter vanleg praksis vart plukka som den dommaren i kjæremålsutvalet med kortast ansiennitet.