HELGEGJEST: RAGNAR HOVLAND

Ein kan like det eller ikkje, men det fortel noko vesentleg om verda og menneska i det 20. og 21. hundreåret.

Det er med andre ord berre få dagar til 25-årsdagen for Elvis Presleys død. Og ikkje berre har Elvis the Pelvis toppa hitlistene denne sommaren, men alle media er seg sitt ansvar bevisst, kjører Elvis-stoff døgnet rundt og forhøyrer seg blant utvalde deler av det norske folk kor dei var då dei fekk høyre at Elvis var død. Om han då er død. For min del hugsar eg det godt, eg var på prestegarden i Spydeberg i Østfold og tenkte vel som så at dette var jo litt trist, men ikkje direkte uventa, og kanskje er no barndommen over. Det siste viste seg berre delvis å vere sant.

I boka «The Two Kings» blir det lett spøkjefull trekt parallellar mellom Elvis og Jesus (og dei er forbløffande mange, ikkje berre det at mange verkeleg trur at Elvis framleis lever og har sett han i hamburgerbarar og på bensinstasjonar), og det er på dette nivået det er rett å halde seg når ein skal snakke om Elvis. (Kor mange artistar er det ein er på førenamn med?) Ord blir lett for små og ein må vite kven ein skal samanlikne med.

Historia om Elvis er historia om førre hundreårs populærkultur, og dermed også ein del av historia om oss alle. Utan Elvis ville ikkje verda vore heilt den same, og vi ville heller ikkje ha vore akkurat dei same.

Elvis var ein fattig og ulært fyr — rett nok med utsjånaden med seg - frå den mest forakta delen av USA, og han interesserte seg for musikk heilt utan prestisje. Derifrå arbeidde han seg opp til å bli - i ein viss forstand - eit av dei største menneske som har levd. Ein kan seie at han døydde ein lite ærefull død, ikkje av pillemisbruk, slik mange enno ser ut til å tru, men rett og slett av for mange overdosar feit mat. Som kollegaen Charlie Feathers uttrykte det: «It wasn't drugs that killed Elvis, it was breakfast.»

Historia om Elvis er slik sett ikkje tragisk, den er berre trist.

Men verken ein død i fornedring eller det faktum at karrieren hans i periodar nesten låg heilt nede, har redusert stordommen hans, og det er unekteleg litt spesielt.

Og det er meir . Mykje meir. Elvis var nok både vittig, slagferdig og sjarmerande, men oppførte seg til tider, skal vi seie, litt underleg. Særleg innanfor sin eigen heim, der han m.a. ifølgje myten skal ha mora seg med å skyte sund tv-apparat. Og han hadde også fleire andre klart eksentriske trekk som berre blei forsterka etter som åra gjekk. Til dømes dette at han omgav seg med stadig meir (og her fanst det ingen grenser) og mest muleg glorete luksus, eller at han møtte opp hos president Nixon, høg på tablettar, for å bli FBI-spesialagent for narkotikasaker.

For om Elvis sleit med mindreverdskompleks på grunn av den smålåtne bakgrunnen sin, så var han samtidig ekstremt lite smålåten når det galdt kva han kunne vere og utrette. Elvis ville vere alt, han ville famne det heile, han ville bli elska av alle. Han ville bli likt av bestemødrene utan dermed å gi avkall på biletet av tenåringsrebellen med dei skandaløst vrikkande hoftene. Det var ikkje den musikkform han ikkje kunne meistre, og han hadde også stor tru på at han kunne bli filmstjerne.

Og for dei uinnvidde er det svært lett å oppfatte Elvis som latterleg, som sjølve inkarnasjonen av vulgær og dårleg smak, både i klesvegen (dette gjeld sjølvsagt berre siste delen av karrieren, før dette gjekk han trass alt i både skinndressar og flotte hawaiiskjorter) og når det galdt tinga (og delvis personane) han omgav seg med. Og dei fleste filmane han spelte inn. Og dei som har besøkt heimen hans, Graceland utanfor Memphis, veit at den mest nærliggjande samanlikninga er visse katolske valfartsstader (som Knock i Irland og Lourdes i Frankrike) med si usannsynlege opphoping av religiøs kitsch i butikkane og på marknadsplassane.

Og sjølv om det er vanskeleg å sjå bort frå det religiøse aspektet ved den noko overspente Elvis-dyrkinga, så skal vi sjå bort frå denne no. Den er eigentleg det minst interessante ved fenomenet Elvis.

For Elvis oppnådde det han ønskte. Han blei verkeleg alt, og han famna det heile. Elvis er, framfor Marilyn Monroe og Che Guevara, det 20. hundreårets største ikon. Elvis er kitsch og slepper unna med det. Elvis er glitter og stas og familieunderhaldning. Middelmåtige entertainerar i inn- og utland har maltraktert songane hans i fleire tiår, utan at det øydelegg songane. Og slik kunne ein halde fram med å oppsummere Elvis.

Og dersom ein så til slutt byrjer å lure på kva det heile eigentleg var, kva det starta med, så går ein sjølvsagt til dei mørke kjeldene. Lyttar ein seg gjennom Elvis Presley sin produksjon frå den første tida og fram til han døydde, så skal det ei forherda sjel til for ikkje å bli gripen. Elvis var verkeleg ein tolkar som ingen annan. Sjølv dårlege songar løfte han opp på eit anna plan.

Kva har så alt dette å seie for oss menneske her og no? For det første er det aldri bortkasta å høyre på god musikk, i verdshistorisk samanheng blir det viktigare enn kva den norske regjeringa til ei kvar tid har føre seg. Og det er heller aldri bortkasta å vere vitne til noko stort. Og for å gå tilbake til utgangspunktet: Om Jesus tok på seg syndene våre, så tok Elvis også på seg noko. Å vise noko som ingen før hadde sett eller høyrt. Og ein kan seie at han også døydde for saka. Meir kan ein sjølvsagt ikkje krevje, og dermed kan ein med godt samvit minnast Elvis på dagen. Heilt utan ironi.

STØRST: Elvis oppnådde det han ønskte. Han blei alt.
ARKIVFOTO: SCANPIX