Den delen av bemanninga som har direkte kontakt med pasientane, skal også vere norsk, slik at ein unngår språkproblem for dei eldre.

Likevel viser det seg at prisen, som sjølvsagt skal betalast av det offentlege, ikkje vert noko høgare enn tilsvarande sjukeheimsplassar i Norge. Sjølvsagt er det mange sjukeheimsbuarar som enten ikkje kan eller vil nytte seg av eit slikt tilbod. Men av respekt for dei av dei eldre som både kan og vil tilbringe nokre månader kvart år i Syden og få sine pleie— og omsorgstenester utført der, er dette eit godt tiltak. Erfaringar viser også at mange eldre, uavhengig av funksjonssvikt, har stor nytte og glede av eit slikt opphald.

På bakgrunn av dette burde ein gå ut frå at mange kommunar hadde takka ja til tilbodet om kjøp av sjukeheimsplassar i Syden.

Dessverre viser det seg at det er liten vilje blant kommunane i Hordaland å gje dei eldre dette tilbodet. I Lindås kommune blei Frp ståande bortimot aleine med eit forslag om å kjøpe fem plassar i Spania..

For Frp er det viktig at alle, også eldre, skal ha eit størst mulig tilbod å velje mellom.

Derfor vil Frp arbeide vidare for at eldre, uavhengig av kva kommune dei bur i, skal kunne få eit slikt tilbod i framtida.

GJERMUND HAGESÆTER,2. STORTINGSKANDIDAT HORDALAND FRP