Etter å ha blitt kalla udemokratisk og illojal av den no utmelde Rosendal-fraksjonen, svarar den tidlegare ordførarfavoritten Knut Prestnes med å omtala motstandarane som destruktive ekstremistar.

Korkje Prestnes eller partileiar Svein-Åge Vangdal har tru på forsoning med utbrytarane Knut Johannes Helvik, Anne Beth Enes, Hans H. Berge og tidlegare ordførar Thorleif J. Hellesøy.

Særleg rettar Prestnes og Vangdal åtak mot Helvik, som dei meiner står for særinteresser. Det vil seia at Helvik kjempar for Rosendal meir enn for heile kommunen.

— Destruktive

— Rosendal-namnet er eit marknadsemblem, bygda er ein turistmagnet som burde leggja all sin energi i næringsoppbygging i staden for å vera destruktiv og hindra næringsnedbygging, seier Knut Prestnes, frå Sunde, om den historiske indre/ytre-striden i Kvinnherad som no så dramatisk har kløyvd det «statsberande» partiet i kommunen.

— Vårt store mål er å gjera Sp til eit parti for heile kommunen, seier Prestnes. Men det seier også utbrytarane Helvik, Enes, Berge og Hellesøy, som no representerer Uavhengig sentrum i kommunestyret. Sp har fem representantar att.

Prestnes går ikkje med på at Rosendal framstår som tapande part i det som avgått ordførar Aksel Kloster (Ap) har kalla terrorbalansen mellom Rosendal og Husnes.

— Det einaste som er flytta frå Rosendal til Husnes er sosialkontoret. Vedtaket frå 1972 om Rosendal som administrasjonssenter og Husnes som skulesenter står fast, seier Knut Prestnes.

- Utan injuriekaft

Prestnes seier seg lei for at han melde seg ut av Sp for ein dag då ordførarforhandlingane låste seg 8.oktober. Ein overreaksjon i vonbrot over å kjenna seg isolert i eiga partigruppe. Elles angrar han ingen ting.

— Eg burde kanskje gått til injuriesøksmål etter det som er sagt seinare. Men eg reknar ikkje dei som står bak utsegnene for å ha injurierande kraft, seier Knut Prestnes

Lokalpartiets leiar Svein-Åge Vangdal, som óg var utmeld for ein dag, oppsummerer årsakene til haustens bitre Sp-strid i tre punkt: Ein maktkamp meir enn ein personkamp. Særinteresser framfor heilskapstenking. Forakt for spelereglar.

Og då meiner Vangdal at utbrytarane har skuld i elendet. Han legg dessutan til at dei handla umoralsk ved å stilla fleirtalet i gruppa ultimate krav om posisjonar for å støtta ordførarkandidat Prestnes som ordførar.