EINAR FØRDE Om vi ser på den rolla dei såkalla ekspertane spelar i vår offentlege debatt og i våre avgjerdsprosessar, har vi taket på eit av dei alvorlegaste spørsmåla i vårt hardt pressa demokrati.

Spesialiseringa er eitt av dei mest framståande draga i samfunnsutviklinga i dei siste generasjonane. Både i yrkesliv og fritidsvanar blir vi stadig meir spesialiserte. Nisjene blir trangare og trangare. Færre og færre maktar å gjere seg gjeldande over eit breitt interessefelt. Renessansens ideal om al uomo universale er blitt ein antikvitet. Nettopp derfor er det stadig god grunn til å stanse opp i undring over mangfaldet i Leonardo da Vincis geni. Ei av dei finaste bøkene i haustens bukflaum, «Da jorden stod stille» av Atle Næs, fortel oss at Galileo Galilei ikkje berre var matematikar og astronom, men også banebrytande i fysikk og mekanikk. Han var ein av samtidas ekspertar på Dantes forfattarskap og livet for så hardt fram mot denne stakkars mannen at han også måtte interessere seg for teologi. I dag er polyhistoren som regel klovn i vårt akademiske liv. Med den største sympati ser eg på at Thor Heyerdahl kastar seg inn i nordisk mytologi. Men det går han ille.

På mange universitet foregår det interessante motreaksjonar mot denne utviklinga. Sjølv lekfolk kan sjå at mangt av det mest interessante i samtida foregår i grenselandet mellom ulike vitskapar. Mange har oppdaga at det kan gi strålande resultat når fagfolk maktar å samarbeide over faggrenser og legge hovuda sine saman. Nettopp fordi spesialiseringa er gått så langt, er det større grunn enn nokon gong før til å utvikle skepsis mot ekspertane. Dei kan så mykje, men likevel så lite. Når demokratiet produserer dårlege kompromiss og held på å kjøvast av apati og mangel på engasjement, oppstår regelmessig ideen om at særleg kyndige fagfolk burde styre oss. Det er ein svært dårleg idé.

Som mangeårig mottakar av ekspertråd før vanskelege avgjerder, har eg utvikla sunn skepsis mot ekspertane. Det mest karakteristiske draget ved ekspertar, er at dei alltid er ueinige. Alle vanvittige forslag vil som regel finne støtte hos ein eller annan ekspert. I diskusjonen om det siste statsbudsjettet prøvde alle andre parti å trykke ned Framstegspartiet med at alle økonomiske ekspertar var einige om at vi må vere varsame med bruken av oljepengar.

Men så dukka Knut Anton Mork opp. Hans ulike framsyningar i ekspertrolla er ein illustrasjon på det eg no held på å skrive. Økonomane er særleg interessante ekspertar fordi dei har vore og er så viktige i avgjerdsprosessane i vårt samfunn. Men økonomi er etterpåklokskapens vitskap. Dei er på sitt beste når dei forklarar kvifor det måtte gå som det gjekk.

Det er greiare med juristar. Som ung mann undra eg meg over at våre mest renommerte juristar alltid når dei tok seg betalt arbeid, kom opp med konklusjonar som passa den som hadde betalt. Men det var før eg forstod at jus er høgre allmennutdanning der ekspertisen går ut på å finne argument for eit kvart synspunkt. Ein skokk av menneske lever godt av å vere ekspertar i å gi prognoser for oljeprisen. Resultata av denne ekspertverksemda er så lite imponerande at eg er sikker på at dersom eg fekk ta meg eit par pils med ein annan nokolunde oppegåande vestlending, skulle vi regelmessig komme fram til like gode resultat. Og fordi eg er slikt eit fint menneske, vil eg ikkje eingong skrive om dei såkalla børsanalytikarane.

Sjølv naturvitskapsfolk er ueinige. Dei som har som dagsorden å fortelle oss korleis verda er og er mindre interesserte i korleis ho burde vere, er ofte rykande ueinige. Det kan kvar ein sjå i debatten om drivhuseffekten og andre miljøspørsmål. Altså blir hovudutfordringa å legge arbeid i å finne ut kven av ekspertane ein vil stole på. Alle burde lage seg si eiga sjekkliste på ekspertar. Der burde ein spørje om kvar dei kjem frå, kva bakgrunn dei har og kven som betaler løna deira. Kven av dei skiftar kappe etter vinden og vil alltid vere på parti med framtida. Ofte kan det løne seg å spørje om kva politisk farge og samfunnssyn dei har, for dei har som regel det slike òg.

I vår tid kan det også vere viktig å spørje om kva forhold dei har til media. Dei mest brukte ekspertane i det offentlege rom er ikkje alltid dei beste. Heller er dei dei mest tilgjengelege og gladast i å framtre i fjernsynet. Eg har bakgrunn for å kunne avsløre at det er slik.

Journalistar er ikkje meir enn menneske dei heller, og synest det er stas å kunne greie seg med å ta ein telefon. Det er slik Trygve Hegnar er blitt ekspert. Ofte framstår han som det og ikkje som vedtakstakar og samfunnsdebattant, noko han vitterleg er. Men kva han er ekspert i, blir stadig meir mystisk.

Ei lite omdiskutert side ved spesialiseringa og frammarsjen til ekspertane er den etiske. Dette er særleg viktig i økonomien der stadig sterkare spesialisering gjer det vanskelegare for ikkje-ekspertar å kontrollere kva dei driv med. Innsidehandel, korrupsjon og juks har betre vilkår når nisjene blir små. Elles er sisyfos-arbeidet med å halde vårt folkestyre levande og aktivt den beste motvekta mot denne utviklinga. Når ekspertane tek makta, er det stor grunn til å legge enda større vekt på vårt vesle folkevit og eit godt skjøn. Endeleg blir samfunnsdebatten enda viktigare. Vi burde gjere han til folkehelt han sunnfjordingen som vi dagleg kan møte i dei rette strøk av landet. Det er han som seier: Eg er heilt ueinig i alt du seier. Kva var det du sa forresten?