Eg har ikkje tenkt å legge meg opp i debatten om organiseringa av distriktsverksemda i NRK. Det kan snøgt bli altfor interessant. Men eg får ikkje ut av hovudet eit innlegg eg las om dette her i bladet. I dette innlegget blir gamle By— og bygdenytt framheva som idealet for gode distriktsendingar.

Det er eit monumentalt døme på draumen om ei fortid som var heilt annleis enn ho i dag framstår som. By- og bygdenytt var ei felles nyheitssending for Hordaland og Sogn og Fjordane. Ho var laga av nokre få programmedarbeidarar i Bergen og var for det meste opplesing av meldingar frå vestlandsavisene og NTB. Med litt velvilje var ho kanskje på sitt beste eit føredøme for god opplesing og språkrøkt. Men journalistisk stettar ho ingen av våre dagars krav.

Meldingane var ofte gamle, her var lite eigenproduserte saker, dårleg sjølvstendig oppfølging av nyhenda, og altfor sjeldan innslag laga utanfor den sentrale redaksjonen. Sendinga var offisiøs og lite maktkritisk slik NRK var det den gongen.

Skeptiske

Debatten om By- og bygdenytt ville vere over før han byrja ved gjennomhøyring av eit tital tilfeldig utvalde sendingar. Dei som ikkje trur meg, kan kontakte Frank Meidell Falch. Han har vore med det meste av tida, frå han saman med nokre få andre laga by- og bygdenytt til han slutta etter å ha bygd opp ein omfattande lokal kringkastingsinstitusjon med til tider strålande programproduksjon over eit breitt register. I Sogn og Fjordane er eit femtitals menneske dagleg i gang med å lage dei mest påhøyrde lokalsendingane i heile fedrelandet. Som sagt den debatten bør vere over før han byrjar. Men det som interesserer meg sterkt, er kvifor nokon i fullt alvor kjenner slik dragning mot ei fortid som aldri var slik dei hugsar ho.

Av hengslene

Vi finn særleg mykje av dette fenomenet i den pågåande kampen for distriktsinteressene. Den blir ofte førd av folk med bakgrunn frå utkantane som nå bur i sentrale strok eller som i beste fall bur i distrikta fordi dei har eit levebrød som gjere dei geografisk uavhengige. Vi kan dagleg finne døme på den same by- og bygdenyttnostalgien.

Dette er våre dagars eksilkulakar som drøymer seg tilbake til fortida på godset, men som veit at dei aldri kjem tilbake dit og som inst inne heller ikkje ønskjer å endre sitt nåverande liv. Dei er etterkomarar etter ei svært tradisjonsrik haldning i bygdene på Vestlandet. Våre forfedre var yttarst skeptiske til slåmaskina, for ikkje å snakke om traktoren. Min bestefar, gamle Einar Førde, levde i over 90 år. I det meste av sitt liv levde han med stabile prisar. Ein sekk salt kosta det den kosta. Når femti- og sekstiåra kom med det nye fenomenet inflasjon, gjekk samfunnet av hengslene. Ein nokolunde dugande vestlandsbonde vart meir og meir skeptisk til alt det nye. Han vart det som med eit presist ord heiter reaksjonær.

Det nye er at denne velkjende reaksjonære grunnhaldninga blir adoptert av så mange som kallar seg radikale. Dersom vi tek rullebladet til m-l-rørsla og bladet Klassekampen, vil vi finne ut at eit klårt fleirtal av kampsakene er motstand mot samfunnsendringar. Dei er tilhengjarar av revolusjonen, men motstandarar av forandring.

Den samfunnskritiske haldninga er mindre retta mot det beståande enn mot endringane i det beståande. Det er fort gjort å gjere seg lystig over dette, men det er ikkje mitt ærend. Eg prøver å finne ut kvifor venstresida har tendens til å mobilisere engasjement og aktivisme på vegner av det som er og har vore i staden for å kjempe for djuptgåande samfunnsendringar. Og kvifor det er høgrepopulistane som i mange land av vanleg folk blir oppfatta som berarane av den samfunnskritiske tradisjonen.

Vi opplever samfunnsendringar i eit omfang som ingen generasjonar før oss. Det nye er at så mykje av endringane kjem utanfrå. Dei er resultat av vedtak gjort utanfor vårt lands grenser og av teknologisk utvikling. Vi blir framandgjorde i vårt tilhøve til desse endringane fordi dei ikkje er resultat av våre eigne påhitt og vår eigen strid. Men venstrepartia hamnar i ei blindgate og blir overflødige dersom den samfunnskritiske tradisjonen berre er til stades i høgstemt retorikk og sjeldne feststunder. Utfordringa er å innsjå at alle framtidige generasjonar kjem til å leve i samfunn med akselererande forandringar. Det er å diskutere korleis vi skal kunne få medverknad i styringa av desse forandringane og kva endringar vi ønskjer og ikkje ønskjer. Kamp for det som er, er alltid forsvarskamp. Venstretradisjonen i vestverda har sin legitimitet i å kjempe for noko nytt.

Denne utfordringa skulle ikkje vere uoverkomeleg. Den høgrepopulistiske samfunnskritikken framstår meir og meir som desperat jakt etter enkle svar på kompliserte spørsmål. Den rørsla kjem til å døy eller bli noko anna dersom ho kjem i nærleiken av ansvar og makt. Eller ho går attende der ho kom ifrå, nemleg det reaksjonære. Dersom radikalt engasjement for det meste går ut på å bruke meir pengar til mange gode formål, ser eg inga god framtid for radikalismen. Ei særleg utfordring har fagrørsla. Frå å vere den udiskutabelt viktigaste drivkrafta for samfunnsendringar i heile det førre hundreåret, har også ho nå ein dagsorden full av strid for det beståande. Det er i lengda farleg for eksistensen.

«Store stygge byen ska du reise i frao, koma heim te fjoren og ve me og slao», heiter det i ei gamal sognevise. Visst var det fint når han bestefar slipte ljåane og vi visste at med onna følgde hesjer, god lukt av gras, køyring med fjordingen og hopp i høyet. Vêret var dessutan alltid godt. Slåttonna tok minst tre veker den gongen. Eg må ta meg på tak for å sende ein venleg tanke til folket på Førde som nå gjer unna styret på eit par dagar med ein dobbelt så stor gard. Hadde merra levd, ville også ho kjent framsteget. Det var for mykje slit, for lange dagar og for lite annleis liv den gongen. Fortida har aldri vore det ho var.