Det er, dersom ein skal tru mediene, ei stendig større gruppe av menneske, av alle nasjonalitetar som vil ha slutt på krigen i Irak. Det er prisverdig i seg sjølv, for krig er aldri av det gode. Men til kva kostnad skal krigen avsluttast?

Undrast på om dei har tenkt på det, dei som tek til gatene for å spreia sine velmeinte, men akk så lite gjennomtenkte nyhende.

Kven skal bera ansvaret den dagen når Saddams (og ei mengd andre sine) disiplar bankar på dørene våre med dynamitt, handgranatar og våpen i nevane? Då nyttar det ikkje å be om og få tennstiftane innleverte. Ikkje fenghettene heller. Og den som ber om å få splinten innlevert, vil få seg ei keidsam overrasking.

Har du tenkt gjennom om du er viljug til å bera ansvaret for dei menneskeliva?

Eller er det betre at Bush får gjera ferdig jobben denne gongen?

LARS-TORALF STORSTRAND,

FREKHAUG