Dagens Næringsliv har påvist at Ap-regjeringa i vinter sysla med ulike modellar for å redusera sjukefråveret, blant dei å redusera sjukeløna under heile arbeidsgjevarperioden. Nett slik Sandman-utvalet, leia av den tidlegare Ap-statsråden, foreslo. Stoltenberg har no kategorisk slått fast at sjukeløna ikkje skal rørast, og eg håpar han meiner det — og meiner det heile stortingsperioden.

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre har programfesta å innføra kutt i sjukelønsordninga. SV vil kjempa innbite for at alle framleis skal få full løn under sjukdom.Vi veit at vi i denne saka er på lag med heile fagrørsla - og vi veit at LO-leiinga legg stor styrke bak same krav.

I valkampen ser det ut til at både det eine og det andre partiet er i ferd med å pynta på forslaga sine om reduksjon i sjukeløna. Dersom LO held trykket oppe, og SV kjem styrkte inn på Stortinget, vil dette kunna vera dei to faktorane som skal til for å forsvara sjukeløna i komande stortingsperiode.

Folk må ha råd til å henta seg inn når dei er sjuke. Ingen er tente med at folk går for halv maskin og vert utbrende og langtidssjukemelde. Sverige, som har innført kutt i sjukeløna, opplever no at langtidssjukefråveret stig etter at svenske arbeidstakarar har tvinga seg sjølve til å gå sjuke på jobb over tid. Sjukenærver avlar langtidssjukdom!

Høgre og Frps kutt i sjukelønsordninga vil få store konsekvensar for langtidssjukemelde. Vert du råka av kreft eller psykiske lidingar, vil du rimelegvis verta langtidssjukemeld. SV meiner at menneske som vert råka av langvarig sjukdom har store nok suter som det er. Vi kan aldri godta at sjuke menneske, i tillegg til å uroa seg for helsa og familien, får svevnlause netter på grunn av økonomiske suter.

Dei påtenkte kutta i sjukelønsordninga vil råka svært urettvist. Kvinner har høgre sjukefråver enn menn. Mange kvinner arbeider i yrke som slit hardt på kroppen. Hjelpepleiaryrket har frå forskarhald vorte rekna som Noregs tyngste yrke.

Svært mange hjelpepleiarar får heller ikkje fulle stillingar – og vil merka kutt i sjukeløna ekstra hardt. Ein del yrke innan omsorg og pleie, er særleg utsette for vald og trugsmål, det vere seg innan rusomsorga, tenestene for utviklingshemma, psykiatrien, ein del barneverninstitusjonar eller ved sosialkontor.

Det kan då ikkje vera logisk eller rettvist at folk som vert sjukemelde grunna vald på arbeidsplassen skal verta trekte i sjukeløn?

Somme typiske kvinneyrke, t.d. innan service, er psykisk svært tunge. Dei såkalla «smileyrka» har fått auka fokus nett på grunn av det. Det er kvinner med denne typen jobbar som vil få dei største økonomiske tapa når det vert kutta i sjukelønsordninga. Og sjølvsagt arbeidarar meir enn funksjonærar. Slik har det vore før også – og SV vil kjempa for at slike skilnader framleis skal tilhøyra ei forgangen tid.

SV vil aldri gje opp full sjukeløn. Vår styrke i forsvaret av sjukeløna er avhengig av den styrken vi får ved valet. Dei som vil gje si røyst til forsvaret av sjukeløn i år, dei må faktisk røysta SV. Då kan vi bli den garantisten som fagrørsla og folk flest treng for å unngå skatt på sjukdom.

Av Ågot Valle, Hordaland SVs 1.kandidat til stortingsvalet