ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no Fusjonsplanane for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) og Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) kom eit steg vidare i går.Dei to fylkeskommunane skal ha like mange med i styre og bedriftsforsamling, meiner forhandlingsutvala. Og det meiner styret for FSF. Etter det Bergens Tidende forstår, går også MRF-styret inn for løysinga. Det nye reiarlaget får om lag 1.500 tilsette, av dei arbeider no 900 i MRF og 600 i FSF. Men ekspertisen har sett høgast verditakst på FSF. Difor har fleire politikarar i Sogn og Fjordane meint at dei bør ha mest å seia. Nokre meiner at ein heller bør samarbeida sørover, mot BNR eller HSD, Framlegget går ut på at det to fylkeskommunane legg aksjane i dei to reiarlaga inn eit nytt holdingselskap, eit morselskap som får fire døtre: MRF, FSF, Sogn Billag og eit nytt billag for nordre delen av området. Her er det tale om å fusjonera Møre Billag (Ørsta/Volda), Nordfjord og Sunnmøre Billag (Stryn) og Ottadalen Billag (Lom).Også dei fire dotterselskapa får døtre. MRF og FSF har i dag store aksjepostar i rundt 20 selskap, og nye kjem til. Desse skal leggast inn under det dotterselskapet som er mest naturleg.