Ein tysk korrespondent i Noreg vart nyleg spurd om korleis han såg på det politiske ordskiftet i landet mot nord. Han syntest vi var i meste laget opptekne av uviktige ting, litt sjølvgode og altfor mette, og han likte ikkje det han såg. Usympatisk var eit ord som kunne dekka det inntrykket han sat med.

Kontrasten mellom eit rikt og velsigna roleg Noreg og resten av verda vart brutalt illustrert dagen etter stortingsvalet. Etter månader med ørkeslaus norsk krangel om skattar og avgifter, sjukeløn og ein betre skule kom smellet i World Trade Center i New York. 3500 uskuldige menneske miste livet. Det utillatelege terroråtaket må sjåast som eit uttrykk for eit botnlaust — men ikkje heilt irrasjonelt - hat mot det rike Vesten. Og Vesten er i første rekkje USA, fordi amerikanarane meir enn oss andre pralar så hemningslaust med rikdommen sin.

Gjennom ein veldig film- og tv-industri distribuerer amerikanarane virtuelt kulturen sin til storparten av verda. Ikkje alle er like glade for det. I tillegg kjem at USA har mykje å svara for rundt i ei fattig verd.

Ser vi på korleis verda er oppdelt, mellom dei rike og dei fattige, så har framstega siste tiåra vore ørsmå. Kontrasten mellom vakre festtalar med ambisiøse mål og den brutale røyndomen er skrikande, og jamvel om vi ser lyspunkt er hovudbiletet nedslåande. Men terror av det slaget vi såg 11. september er inga løysing. Vonleg kan det skapa ein smule ettertanke som - i beste fall – kan gi ein ny og betre retning til arbeidet med å skapa meir rettferd i verdssamfunnet.

Det er mot dette bakteppet at den norske valkampen må ha vore nærast uuthaldeleg for utanlandske observatørar med eit meir komplisert perspektiv på tilværet enn det norske. I Europa pågår det største politiske eksperimentet i nyare tid, der Europaunionen er i ferd med å ta opp i seg heile Kontinentet. Det er ein skøyr plante, det er så, og store utfordringar ligg tett i tett utover framtidsvegen. Men jamvel dei mest ihuga EU-motstandarane i Noreg må kjenna seg urolege over tanken på at dette eksperimentet skulle slå feil. Kva skulle det bli til med Europa dersom EU endar i ruin?

Inntil vidare blir vi nordmenn ståande utanfor.

Det har vi råd til. Men vi bør passa oss så vi ikkje blir oppfatta som ein rikt, velfødd og sjølvgodt folkeferd utan særleg tanke for verda omkring oss.