Det som for tidlegare generasjonar var ein viktig del av livberginga, den norske jorda, dyrka og odla med sveitte, er i ferd med å gro til. Konsekvenstenking om jordbruksareal ute av drift, er i mange høve blitt møtt med at det er eit rop om «ulv» i utide. Men mange mislikar eit kulturlandskap i forfall.

Dei fleste innser at dette forfallet kjem som fylgje av marknadskreftene sine auka påverknad, med nedlegging av jordbruksareal. I ein prosess der store driftseiningar og maskiner overtek for manuell arbeidskraft, er det ein viktig del av utviklinga at såkalla marginale areal vert avvikla. I WTO og EU sitt språk, er det meste av norske jordbruksareal marginale.

Multinasjonal kapital har etter kvart frigjort seg frå politisk styring. Samstundes tar kapitalen gjerne imot hjelp frå politiske vedtak til støtte for marknadskreftene. Dette er særleg viktig i land som til dømes Noreg, som i augneblinken ligg på topp i kjøpekraft — og der ei tung samling norske politikarar, ein god del norske forbrukarar og utanlandsk næringsmiddelkapital - synest vera sameint i eit sterkt, men uheilagt ønskje om nedlegging av norsk landbruk. Dersom denne troikaen vert bønhøyrd, kan norske forbrukarar i ein gjeven situasjon måtta betala importert mat dyrt og ikkje berre i kroner og øre.

Ein seniorforskar ved Institutt for økonomi og ressursforvaltning ved Norges landbrukshøgskule, Eirik Romstad, meiner i ein kronikk i Aftenposten 19.07.03 at kulturlandskapet kan bergast med arealstøtte. Han trur prisstøtte på produkta gjer norsk landbruk meir dyrt enn nødvendig. Bergens Tidende har i ein leiar nokre dagar seinare, støtta tanken om at ei slik omlegging kan vera med og berga viktige delar av norsk landbruk.

For underskrivne minner kronikken mest om framlegg av eit planlagt bondeoffer, i tråd med tankar mellom anna frå Rolf Jens Brunstad ved Norges Handelshøyskole og Erling Vårdal ved Universitetet i Bergen. Tankane er ikkje nye.

I samband med pågåande WTO-forhandlingar, har EU gått inn for støtteordningar som frikoblar ein del frå prisar og produksjon. Etter noko intern krangel kan det sjå som om EU no har moderert dette noko, men framleis ønskjer ei form for auka arealstøtte. WTO-forhandlingane står for tida i stampe og ingen veit resultatet. Avslutta WTO-forhandlingar og eventuelle seinare forhandlingar med EU, kan i verste fall utgjera ei dramatisk knipetong for norsk landbruk.

Når EU går inn for meir arealstøtte, kan det vera liten tvil om at dette er tilpassa eit ønskje om å bruka omlegginga til kutt i produksjonen i marginale område innafor noverande EU. Dette for å imøtegå problem som oppstår i den augneblinken nye medlemsland med gode jordbruksareal, sluttar seg til.

Dersom slike ordningar kan brukast til avvikling av produksjon innan EU, kan dette gå an også i Noreg. Ei tenkt hendingsrekkefølgje for ein tilnærma i verste-fall variant, kan noko grovt skissert, bli om lag slik: Ei sterk omlegging, for til dømes arealstøtte, kompenserer ikkje fullt ut andre tidlegare støttetiltak. Neste runde: Produksjonskrava som ligg til grunn, vert litt oppmjuka, med påfylgjande kutt i arealstøtta, meir enn oppmjukinga skulle tilseia. Nye rundar etter dette mønsteret kan fylgja i passande tempo så langt det er «nødvendig».

I den augneblinken store forbrukargrupper ikkje ser vitsen med å støtta gardsbruk utan det ein i daglegtale meiner med produksjon - kva sit ein att med då? Den norske bonden?

Vekk med han!

Olav Revheim