«Har en annen rett til å endre et åndsverk eller å gjøre det tilgjengelig for allmennheten, må dette ikke skje på en måte eller i en sammenheng som er krenkende for opphavsmannens litterære, vitenskapelige eller kunstneriske anseelse eller egenart, eller for verkets anseelse eller egenart.»

Meg bekjend, hadde ikkje Lehmann eller andre denne retten. Eg har heller ikkje trakka på Lehmann på noka vis. Tvert um hev eg sagt at han hev evner til å krota i hop noko betre enn eit vedheng til ein gamal song. Eg vil difor bjoda han til å skriva eit nytt dikt, eller song om ein vil, men som godt kan standa i stil med Hammer sin song, utan å vera eit vedheng. Det hadde vekt åtgaum på eit mykje betre vis enn no!

Elles vil eg gjera merksam på at eg ikkje kjenner til nokon som tykkjer ilt om at Oster vert sett i god gamal stand! Eg gjev med dette stor fagnad til dei som hev gjort dette mogeleg. Og dei som ikkje ser at her er tvo skilde saker, far stilt! Med dette takkar eg for ordskiftet og avsluttar min bolk i denne soga.

ERLING JACOBSEN