Av Vilgerd Storset Husa,fylkesleiar KrF

Kristeleg Folkeparti Hordaland sine landsmøtedelegatar ber sentrumspartia samla seg om ein felles offensiv fram mot valet. Bondevik skal tilbake som statsminister, og sentrum er vårt utgangspunkt for å få til dette.

Gjennom det siste året har vi tydeleg sett forskjellen på sentrum og arbeiderpartiregjeringa. Miljøpolitikken har stagnert og friviljuge fellesskap sin innsats for samfunnet vert undergrave. Den sitjande regjeringa svekka norske forbrukarar sin tryggleik gjennom å anbefale fleire tilsettingsstoff i matvarer gjennom matsminkedirektiva frå EU. Arbeidarpartiregjeringa er også urovekkjande passiv overfor patentdirektivet. Ei rekke statsrådar har synt manglande evne til å følgje opp viktige initiativ under sentrumsregjeringa. Det teiknar seg eit bilete av to klårt ulike regjeringsalternativ før valet. Dette må verte formidla til veljarane.

Vi ynskjer ein klar opposisjonspolitikk innanfor miljø og energipolitikk. Ikkje minst må Norge gjennomføre konkrete, nasjonale tiltak for å få redusert utsleppet av CO2 og andre klimagassar. Landet vårt og miljøet treng ei regjering som har evne til å satse på nye, fornybare energikjelder. Innan utviklingspolitikken må sentrum bidra til ein opnare handel med dei fattigaste landa, meir langsiktige investeringar og fortsatt innsats for sletting av gjeld. Norsk bistand må trappast opp til minst ein prosent av BNI innan utgangen av neste stortingsperiode.

Sentrum må satsa på auka løyvingar til utdanning, frå grunnskole til høgare utdanning og forsking. Sentrum må også sørgje for at foreldreretten og friskolar vert respektert. Den norske kyrkje må gjevast fridom til å vere eit trussamfunn. Vi ynskjer ein heilskap i familiepolitikken der foreldra sin valfridom vert sikra. Dette vert gjort best ved fortsatt tilbod om kontantstøtta og utbygging av barnehagetilbodet. Prisane på barnehageplassar må verte redusert kraftig.

Ein felles sentrumsprofil er mogeleg, det har regjeringa Bondevik vist. Dette kan gjerast igjen, og vi må gje veljarane sjansen til å stemme på eit reelt alternativ til arbeidarpartiregjeringa. Dette alternativet er sentrum.