Kjell Magne Bondevik er ingen gambler. Han såg tidleg sjansen til å komponera ei regjering som kan sitja perioden ut. Det kan knapt Arbeidarpartiet hindra, med mindre dei finn saman med Framstegspartiet og SV. Det har i første rekkje teoretisk interesse. I tillegg har Arbeidarpartiet lært ei lekse som kan koma Bondevik til hjelp: I mars 2000 trudde Stoltenberg og Jagland at det var om å gjera å kasta Bondevik, så snart som råd. Det skjedde ut frå eit resonnement som sa at Ap ville vinna veljarar dersom dei tok regjeringsmakt. Kosta nesten kva det kosta ville. No har folket dømt Stoltenbergs maktovertaking, og dei har dømt han hardt. Etter det Stoltenberg sjølv oppfattar som halvtanna års regjeringssuksess, sa veljarane nei takk. Det kan ha ført Stoltenberg og Jagland og endå fleire inn på den tanken at dei no bør ta samling i botn, slikka såra og bruka dei komande fire åra på å byggja seg opp att. Klok av Jaglands skade hausten 97 har Stoltenberg gjennomført ein smilande avgang. Eit nytt forsøk på å kasta Bondevik, får vi neppe oppleva før 2005.

Ærekjær Bondevik

Men dei kjenner Bondevik dårleg som trur han av den grunn vil ta lett på oppgåva. Den ærekjære statsministeren ser framfor seg fire år på toppen av regjeringsbygningen, og difor har han lagt vinn på å setja saman eit team han trur kan fungera over såpass lang tid. Det kan han ha lukkast med.

Statsrådlista viser at det er langt mellom eksperimenta. Sosialminister Ingjerd Schou (H) frå Østfold er ukjend og ny, men ho har relevant bakgrunn som sjukehusdirektør. Venstres Torild Skogsholm er kjend blant venstrefolk, opphavleg frå Nord-Noreg og har røynsle som statssekretær i samferdsledepartementet under Odd Einar Dørum. No skal ho styra eit departement som er i ferd med å endra karakter frå eit veg-, bru— og tunneldepartement til eit kommunikasjonsdepartement, med langt større vekt på kollektivtrafikale løysingar.

Dørum tregar enno på at han fekk gjort så lite for kollektivtrafikken. Skogsholm kan visa at ho og Venstre og KrF meiner alvor med å gje kollektivtrafikken eit løft, og Høgre kan visa at dei ikkje vil stritta imot.

Nykomaren Norman

Største overraskinga var Victor Norman, rektor på Handelshøgskolen i Bergen og ein profilert økonom. Han skal bli arbeids- og administrasjonsminister, og det er ein sentral post i ei regjering som tek mål av seg til å effektivisera offentleg sektor. Det finst døme på at folk som Norman, nedlasta med tung teori, har kome til kort i møte med vanskelege oppgåver i eit politisk miljø dei berre har leksikalsk kunnskap om. Victor Norman har sjansen til å visa at det kan gå bra.

Regjeringas Benjamin er Høgres 36 år gamle Børge Brende. Han skal ta hand om Miljøverndepartementet, og kan – om han har evner og vilje – visa at Høgre får oss fyrst og fremst til å tenkja på hyggjelegare ting enn eit pinleg gasskraftverkvedtak. Både Venstre og KrF vil ha nytte og glede av ein aktiv og konstruktiv Brende.

Venstres plaster på såret

Bortsett frå dette vesle knippet av nykomarar er det brei erfaring som kjenneteiknar Bondeviks kvinner og menn. Dei to største partia har forsynt seg så grovt av dei gjevaste postane som ein kunne venta. Det inneber at Venstre tapte kampen om Forskings- og Utdanningdepartementet. Samferdsledepartementet skal kanskje vera eit plaster på såret, men det lækjer nok ikkje heilt.

Sponheim som landbruksminister er først og fremst eit uttrykk for at partileiaren skal få tid til partiet sitt. Dørum vegra seg for å gå tilbake til eit justisdepartement han langt på veg hadde reformert i førre runden.

Ville ha Venstre med

I sum stadfester dette oppfatninga av at Venstre er litt med på kjøt og flesk, og at det er kjøtvekta som er lagd til grunn. Partiet får ingen ekstra poeng for at det gir regjeringa større legitimitet og ei breiare forankring. Andre vil, med ein viss rett, hevda at Venstre må vera glad dei får vera med. Då må det skytast inn at både Høgre og særleg Kristeleg Folkeparti la mykje arbeid i å få Venstre med i denne regjeringa.

Bondevik vil setja si ære i å halda denne regjeringa i live i fire år. Men det går grenser, også for Bondevik, og dersom Petersen og Foss pressar for hardt på mot høgre, kan regjeringa enda som Per Bortens sprikjande staur. Det blir i så fall eit nederlag for Bondevik, men det blir ein liten katastrofe for Høgre, som då kan forlisa sitt store prosjekt: Å knyta KrF så tett til seg at partiet ikkje endar i lag med Arbeidarpartiet.