Av Oddvar K. Clausen,lektor

Departementet sine «fagfolk» (som ikkje underviser i faget i vidaregåande skule), trur at dei fem timane i veka er fordelte på to timar med databehandling og tre timar med økonomi. Dei kan ikkje ta meir feil. Det rette er at elevane får undervisning i økonomi med integrert databehandling fem timar i veka. Vi drøftar i undervisninga alle økonomiske problemstillingar og løyser dei med hjelp av dataverktøyet, nett slik dette vert gjort på eit fleirtal av arbeidsplassane i samfunnet.

Aktuelle problemstillingar:Kva for økonomiske konsekvensar får det for meg når eg tek opp lån?Er det mest økonomisk for meg å leige eit husvære eller kjøpe eit?Korleis kan eg setje opp eit budsjett slik at eg får styring med økonomien min?Kva rettar har eg når eg set bilen min/tv-en min inn på verkstad?

Alt dette ønskjer departementet å fjerne.

Kvifor vere så stygge mot ungdommen (bjørneteneste)?

Departementet vil også fjerne studieretningsfaga handels— og kontorarbeid, kontorautomasjon og rekneskapsfag frå AA-grunnkurset. Dei vil berre tilby faga på det nye grunnkurset Sal og service. Dette fører til at ca. 80 prosent av elevane i vidaregåande skule ikkje lenger får høve til å velja desse faga.

Departementet sitt korstog mot dei økonomiske/administrative faga held fram:

Først vart handelsgymnasa nedlagt. Så vart økonomisk linje ved dei tradisjonelle gymnasa nedlagt. Så vart studieretning for handels- og kontorfag nedlagt, og no skal departementet fjerne dei siste restane i det føreliggande høyringsframlegget.

Kor langt skal dumskapen gå før nokon reagerer ?

For få år tilbake inviterte dei ansvarlege for Prosessindustriens landsforening, tyskaren Lars Windhorst til Oslo for å halde foredrag. Han er leiar for eit konsern som på kort tid har greidd å skape 900 jobbar (dette var bakgrunnen for invitasjonen).

I foredraget kom han med følgjande kraftsalve:

«Manglande interesse blant dei unge for kva dei skal leve av og nedprioritering i undervisninga av økonomisk tenkning, er hovudproblemet i mange europeiske land i dag.»

Når skal «fagfolka» i departementet lære seg til å lytte til dei som skal skaffe jobbar til ungdomen i framtida?

Kjære politikarar!Vær så vennleg å stoppe dette makkverket frå departementet slik at vi kan halde fram med å hjelpe ungdommen til å få styring med økonomien for å unngå at dei blir til belastning for samfunnet!