debatt Av Gyri Skre,leiar i Bergen Venstre

Først var det alle skandalane i Frp, så kom prosentberekninga av populariteten til Kjell Magne Bondevik og la opp til ei persondyrking som minner om amerikanske tilstander. Så er det reisebeskrivelsane frå statsministeren sin tur til India. Er det rart at heimesitjarprosenten blant veljarane stadig aukar?Kanskje folk heller ønskjer å få vite kva partia vil vektlegge i neste stortingsperiode? Kanskje det er på tide å fortelje veljarane kva vi vil prioritere for å skape det gode liv for folk flest?For Venstre er f.eks. kulturpolitikken eit viktig tema i samfunnsdebatten. Venstre meiner at vi må ta eit kraftig og forpliktande nasjonalt kulturløft. Vi ønskjer å legge til rette for eit sterkt kulturelt engasjement i lokalsamfunn og regionar. Kultur berikar kvardagen vår og er med på å gjere livet verdt å leve. Mangfald og nyskapande kulturliv er ein berebjelke i eit godt samfunn. For å nå desse måla, må vi forplikte oss på å tilrettelegge gjennom økonomiske tilskot og ordningar som gjer at alle aldersgrupper har råd til å delta i kulturelle aktivitetar.Eit verkemiddel vil vere å fremje ei eiga kulturlov, som vil klargjere statens sitt ansvar for den kulturelle utviklinga i landet.Venstre vil gje alle skoleelevar ein "kulturell skolesekk" gjennom ei utvida innkjøpsordning for konsertar, danse— og teaterframsyningar, forfattarbesøk og kunstutstillingar i skolane. Det bør bevilgast eit konkret beløp til dette. Venstre vil innføre eit rabattkort som gir ungdom tilgang til kunst- og kulturarrangement til sterkt reduserte prisar.Dette er nokre av dei konkrete tiltak vi vil forplikte oss på.Derfor snakkar vi om "kulturmilliarden".